31 av punkta Trump er tiltalt for handlar om forsettleg oppbevaring av nasjonal forsvarsinformasjon.
22 av dei 31 punkta er merka med Top Secret.
Dei skal ta for seg etterretningsinformasjon frå andre land. Eitt dokument skal handle om det amerikanske atomvåpenprogrammet.
Dokument som blei oppbevart på badet til Trump. Bildet blir offentleggjort i tiltalen.
Foto: U.S. Justice Department / ReutersFleire av dokumenta skal han ha oppbevart på badet, i ein dusj og i ein ballsal på bustaden sin på eit resort i Mar-a-Lago. I tiltalen blir det også skrive at han skal ha heldt tilbake dokument med vilje.
Fleire tusen menneske er innom resortet i Mar-a-Lago kvart år.
– Den urettvise oppbevaringa av desse graderte dokumenta kunne sette USAs nasjonale tryggleik i fare, uttaler det amerikanske justisdepartementet, som publiserte tiltalen fredag.
Dei 31 punkta som handlar om forsettleg oppbevaring av nasjonal forsvarsinformasjon har ei strafferamme opp til tre år per tiltalepunkt.
Førstesida i tiltalen mot Trump.
Ein Trump sine tidlegare assistentar Walt Nauta er også tiltalt.
Skal ha vist hemmelegstempla forsvarsdokument
Tiltalen skildrar to tilfelle der Trump skal ha vist hemmelegstempla forsvarsdokument til personar utan tryggleiksklarering etter at han hadde gått av som president.
I juli 2021, hadde Trump møte med ein skribent og ein forleggjar på golfklubben sin i Bedminster, New Jersey.
I tiltalen står det at Trump viste dei det han kalla ein «angrepsplan» som han sa forsvarsdepartementet hadde laga. Trump fortalde at planen var svært konfidensiell og hemmeleg.
Dokument som blei funne i ballsalen på Mar-a-Lago. Bildet blir offentleggjort i tiltalen.
Foto: APDet finst lydopptak av denne samtalen og han er gjeve att slik i tiltalen:
Trump: Sjå kva eg fann. Dette er angrepsplanen til (namn på forsvarsrepresentant).
Han sa han ønskt å angripe (Trump nemner eit land).
Er det ikkje utruleg? Eg har ein stor bunke med papir, og dette dukka nettopp opp.
Trump skal ifølge tiltalen også ha vist ein person frå ein av støttegruppene sine eitt gradert kart som viste militære operasjonar.
Flytta klassifiserte dokument
FBI-agentar tok seg i august 2022 inn i Trumps bustad Mar-a-Lago i Florida og fann rundt 13.000 dokument.
USA sitt nasjonale arkiv skulle ha alle desse dokumenta då han forlét Det kvite hus, og bad om å få dei tilbake frå Trump.
Dokument som blei funne heime hos Trump.
Foto: DEPARTMENT OF JUSTICE / AP100 av dokumenta var merkte som hemmelege. Trumps advokatar skal tidlegare ha sagt at alle graderte dokument var overleverte til amerikanske styresmakter.
For to veker sidan blei det kjent at tilsette på Mar-a-Lago hadde blitt bedd om å flytte på dokument kort tid før FBI kom dit.
I tiltalen i dag kjem det fram at Trump sjølv også skal ha flytta på klassifiserte dokument.
Det kjem også fram at han er tiltalt for å ha gitt falsk forklaring då han i ein vitneforklaring via advokatane sine at han hadde søkt grundig etter dokumenta myndigheitene var på jakt etter på Mar-a-Lago
Politi utanfor Trumps bustad på Mar-a-Lago.
Foto: AFP– Eg leverte dei opent og utan spørsmål
Tidlegare FBI sjef Andrew McCabe fortel til CNN at det er uvanleg at tiltalen blir offentleggjort få dagar før rettsmøte.
Han meiner medieinteressa rundt saka har gjort at Justisdepartementet har vald å gjere eitt unntak.
Det er det amerikanske justisdepartementet som offentleggjer tiltalen mot Trump.
Foto: Alex Brandon / APTrump må møte i det første rettsmøtet i Miami tysdag.
Etter at tiltalepunkta blei kjende, har Trump gått hardt ut på sin eigen plattform, Truth Social:
– Eg leverte dei opent, og utan spørsmål, skriv Trump.
– Eg hadde ingenting å skjule, og det har eg heller ikkje no. Ingen sa eg ikkje fekk sjå på dei personlege dokumenta som eg tok med meg frå Det kvite hus. Det er ikkje noko gale med det, held han fram.
Han kjem også med skuldingar mot noverande president Joe Biden.
Trump kjem med skarpe skuldingar mot president Joe Biden
Foto: SAMUEL CORUM / AFPKan drive valkamp frå fengsel
Ifølge USA-ekspert og jurist Sofie Høgestøl er det mest interessante med straffesaka mot Trump at han ikkje har samarbeida med FBI i utleveringa av dokumenta:
– Det kan vere straffbart i seg sjølv og det er kanskje ein av dei mest interessante delane i straffesaka mot han.
USA ekspert Sophie Høgestøl
Foto: Geir Olsen / NTBTrump har sagt at han skal stille til val i 2024.
– Han kan i utgangspunktet drive valkamp frå fengsel. Men straffesaker tar gjerne litt tid, fortel Høgestøl.
Ho trur ikkje nødvendigvis at straffesaka er ferdig innan presidentvalet i 2024.
– Så er det nokon på republikansk side som seier at dei kjem til å benåde han. Det kan ein amerikansk president gjere.
Og viss Trump blir president att i 2024, kan han også benåde seg sjølv. Men først skal Trump møte i retten på tysdag.