Hopp til innhold

Trump svekker våpensalet i USA

Medan det aldri har vore selt fleire våpen i USA under Obama, har det byrja å dabbe av under Trump.

Lowell Bohn prøver en Bushmaster 50 kaliber rifle på NRA-kongress

VÅPENMESSE: «Ideal for home defence,» er eit av slagorda når den nasjonale rifleforeininga (NRA), arrangerer messe. Dette er frå Boulder, Colorado i 2012. Ein entusiast testar ut ein Bushmaster med kaliber 12,7. Denne børsa kan skyte gjennom motorblokka på ein lastebil.

Foto: TOM GANNAM / Reuters

Gunning of America

TAKKAR OBAMA: Produksjonssjef ved Battle Rifle, Karl Sorken, takkar Barack Obama for det gode våpensalet dei siste åra.

Foto: Lisa Marie Pane / AP

Dei spelar countrymusikk og serverer AK-47 espresso i butikken. Battle Rifle er ein mindre våpenfabrikk utanfor Houston, Texas, som tilbyr spesiallaga automatgevær og pistolar til våpenentusiastar.

Det er god butikk, men også noko meir forklarar våpensmedane til nyheitsbyrået Ap.

– Forfedrane våre forstod kva tyranni gjer, og viss du ikkje kan verje deg mot tyranni, blir du ein undersått, fortel ammunisjonsekspert James Spears, som er ein pensjonert politimann.

Han vart skoten under ein narkotikarazzia i Dallas, og har framleis eit prosjektil i kroppen.

Ein stor del av kundemassen til Battle Rifle er politimenn.

Gunning of America

ELSKAR AUTOMATVÅPEN: James Spears er ammunisjonsekspert ved ein av 10.000 våpenfabrikkar i USA. Men salet ser ut til å stagnere under den nye presidenten.

Foto: Lisa Marie Pane / AP

Trump-effekt svekker våpensalet

President Trump har lova å gjenreise industrien i USA, men når det gjeld våpenindustrien, ser det ut som at Trump har motsett effekt.

– Sidan valnatta har våpensalet gått ned, fortel Robert Spitzer ved State University of New York til Ap.

– Når du fjernar Obama, og gjev republikanarane kontrollen over begge kammera i Kongressen, som er veldig vennlege mot våpenlobbyen, då svekker du det politiske presset. Og det er heilt sikkert ein del av forklaringa på det fallande salet av våpen, fortel Spitzer.

– Obama beste våpenseljaren verda har sett

Under president Obama var det stor frykt for at visse våpentypar ville bli ulovlege, eller i det minste veldig vanskeleg å få kjøpt.

– President Obama var den beste våpenseljaren verda har sett, fortel salssjef Karl Sorken ved Battle Rifle.

Kombinert med at eit Clinton-era forbod mot automatvåpen tok slutt i 2004, og ei ny frykt for nye restriksjonar under Obama, har ført til ein kraftig auke i våpensalet dei siste ti åra.

Frå 2004 til 2013 vart salet av handvåpen, pistolar og revolverar, femdobla. Salet av rifler tredobla seg i same tidsperiode.

Og i tiårsperioden 2005–2015 auka talet på bedrifter med lisens til å bygge våpen med 362 prosent.

Gunning of America

GRUNDEREN: Chris Kurzadkowski grunnla Battle Rifle i garasjen sin. Kundane er hovudsakleg menn i alderen 45-64.

Foto: Lisa Marie Pane / AP

Framleis optimisme trass «Trump-effekt»

Det er 10.500 våpenfabrikkar i USA, mange av dei grunnlagt etter år 2000.

Ein av dei var Chris Kurzadlowski som starta firmaet Battle Rifle ved å bygge eit våpen i garasjen til politisonen sin.

Kundemassen er for det meste menn i aldersgruppa 45–64. Dei er ei kjøpesterk gruppe, som har råd til å kjøpe spesialbygde våpen på bestilling.

Og våpensmedane er optimistiske til trass for den noko uventa trump-effekten.

– I dette landet er våpenkulturen så sterk at eg ikkje fryktar den vil reise nokon stad, seier Sorken til Ap.

SISTE NYTT

Siste nytt