Hopp til innhold

Trump skuldar Twitter for politisk aktivisme

President Donald Trump har signert ein presidentordre som kan føre til strengare lovregulering av sosiale medium. Han skuldar Twitter for politisk aktivisme.

Donald Trump reagerte med sinne etter at Twitter for første gong merkte to av meldingane hans som villeiande. Twitter gjorde dette då Trump tysdag skreiv at det å stemme per post, ville føre til valfusk, noko det ikkje finst bevis for.

Twitter la inn ein kort tekst på meldingane hans, der brukarane kunne klikke seg vidare til meir informasjon.

Twitter merker Trump-tvitring som villedende

Mikrobloggtenesta Twitter har for første gong markert to av Trump sine Twitter-meldingar som villeiande.

Torsdag kveld signerte Trump ein presidentordre der han varslar at han ønskjer å stramme inn lovene som regulerer sosiale medium. Han seier at det Twitter gjorde med meldingane hans, var å ta ei redaksjonell avgjerd som går i retning politisk aktivisme.

Han sa også at selskap som Twitter og Facebook kan komme til å misse det vernet dei har mot erstatningsansvar i rettssaker som kjem opp som følgje av meldingar som folk legg ut på plattformene deira.

sU4FGLEWk8E

President Donald Trump fotografert før han skreiv under på presidentordren i Det kvite hus.

Foto: Evan Vucci / AP

Vil ikkje slette Twitter-kontoen

Donald Trump har rundt 80 millionar følgjarar på Twitter og bruker denne kanalen svært aktivt. Til no har han lagt ut over 52.000 innlegg på kontoen sin @realDonaldTrump.

I samband med signeringa i Det kvite hus, fekk Trump spørsmål om kvifor han ikkje slettar Twitter-kontoen sin. Trump svarte at han meir enn gjerne skulle gjort dette dersom media var til å stole på.

– Men det er så mykje feilinformasjon i amerikanske medium, at eg ønskjer å bruke bl.a. Twitter til å nå ut med korrekt informasjon direkte til folket. Det er viktig for meg, sa han.

Trump har lenge meint at selskap som Twitter og Facebook er kritiske til konservative stemmer, og faktasjekkar eller slettar innlegga deira.

– Vi har fått nok, sa Trump, og la til at presidentordren vil sikre ytringsfridomen.

PE8rhkQGe4o

President Donald Trump skreiv under på ein presidentordre som var retta mot sosiale medium torsdag.

Foto: Evan Vucci / Evan Vucci

Kan ikkje leggje ned selskap

Den amerikanske grunnlova sikrar ytringsfridom, og presidenten kan ikkje på eiga hand regulere eller stengje eit selskap.

Det må i så fall gjerast av Kongressen eller det føderale forvaltningsorganet for telekombransjen, Federal Communications Commission (FCC).

Pressesekretær i Det kvite hus, Kayleigh McEnany sa torsdag at det Twitter gjorde, var å komme med ein feilaktig og upresis faktasjekk.

– Ingen har meir tru på ytringsfridom enn presidenten. Presidenten vil sørgje for at faktamerking ikkje kneblar ytringsfridomen, og at amerikanarane framleis skal ha sin fulle rett til å ytre seg, også i sosiale medium, sa ho.

SISTE NYTT

Siste nytt