Duterte har fått sterk internasjonal kritikk for å ha oppmoda politiet til å bruke hardhendte metodar mot både brukarar og seljarar.
, ifølgje Reuters, mange av dei småskala brukarar og seljarar, er drepne sidan Duterte overtok som president 30. juni i fjor.Politiet seier at ein tredel av desse vart skotne av politifolk i sjølvforsvar under heilt legitime aksjonar mot narkotikahandel. Duterte sjølv har offentleg skrytt av
.– Ein flott jobb
– Mange land har problem med narkotika. Vi har eit problem, men du gjer ein flott jobb. Eg ville berre ringje deg og seie det, sa Trump til Dutarte, ifølgje ei utskrift av samtalen New York Times har fått tak i.
I samtalen diskuterte dei to også Nord-Korea. Trump omtalte den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un som «ein galning med atomvåpen».
- Vi har mykje våpen, meir enn han har, truleg 20 gonger meir, men vi vil ikkje bruke dei, sa Trump, ifølgje utskrifta. Trump spurde også Duterte om han trudde Kim Jong-un var stabil eller ikkje.
– Kim har eit farleg leiketøy i hendene sine, som kan skape så mykje smerte og liding for heile menneskeslekta, sa den amerikanske presidenten blant anna.
To atomubåtar
Trump fortalde også at USA har sendt to atomubåtar til området utanfor Nord-Korea, for å delta i ei øving saman med dei to hangarskipa landet har der.
Han sa også at han håpa Kina ville ordne opp, og han oppmoda Duterte om å be president Xi Jinping om å leggje press på Nord-Korea.
– Eg håpar Kina løyser problemet. Dei har midla til å gjere det, sidan ein stor del av varene deira kjem derfrå. Men om ikkje Kina gjer det, så gjer vi det, sa Trump.
Trump inviterte også Duterte på besøk til Det kvite hus.
– Alvorleg talt. Dersom du vil ta deg ein tur, så berre sei frå. Ta vare på deg sjølv, så skal vi ta oss av Nord-Korea, la han til.
Duterte har seinare sagt at det er
.