Hopp til innhold

Trump opnar våpenskapet for Japan og Sør-Korea

USAs president Donald Trump seier i ei Twitter-melding at han vil selje avansert militært utstyr til Japan og Sør-Korea, som svar på den siste atomprøvesprenginga i Nord-Korea.

Donald Trump, Moon Jae-in

Ein mann ser på ei nyheitssending på sørkoreansk fjernsyn der USAs president Donald Trump og hans sørkoreanske kollega Moon Jae-in er i fokus.

Foto: Ahn Young-joon / AP

Trump sa ingenting om kva type våpen det er snakk om, men Det kvite hus har tidlegare gjort det klart at det er snakk om sal av våpen og utstyr for fleire milliardar dollar. USA er også villig til å selje missil med stridshovud på meir enn 500 kilo.

500 kilo har vore den øvste grensa for kor store stridshovud Sør-Korea har lov å ha etter ein avtale med USA frå 2001.

Laster Twitter-innhold

Auka spenning

Spenninga stig dag for dag i striden om det nordkoreanske atomprogrammet. Natt til søndag prøvesprengde Nord-Korea det dei seier var ei Hydrogenbombe. Eitt døgn seinare simulerte Sør-Korea eit angrep mot eit atomanlegg i Nord-Korea med ballistiske rakettar.

Vladimir Putin på besøk i Kina 5. september 2017.

Russlands president Vladimir Putin sa under eit besøk i Kina i dag at det er nyttelaust å innføre nye sanksjonar mot Nord-Korea.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

USAs FN-ambassadør Nikki Haley sa under eit ekstraordinært møte i Tryggingsrådet i går at den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un gjennom rakettestar og prøvesprengingar «ber om krig» . Ho gjorde det også klart at USA ventar at FN neste veke vil innføre dei sterkast moglege diplomatiske sanksjonar mot regimet i Pyongyang.

Russlands president Vladimir Putin sa i dag at det er nyttelaust å innføre fleire sanksjonar mot Nord-Korea. Han meiner at den einaste farbare vegen er forhandlingar og direkte kontakt mellom partane.

– Utan forhandlingar kan konflikten om Nord-Korea utvikle seg til ein global katastrofe , sa han blant anna.

Hvordan kan Nord-Korea egentlig straffes?

USAs tre muligheter til løsning på Nord-Korea-konflikten

Kan leggje ned veto

Putin viser til eit opplegg for forhandlingar som Russland og Kina har utarbeidd saman. Analytikarar meiner at Putin med dette sender eit signal om at Russland ikkje blir med på ytterlegare sanksjonar, og at eit nytt sett med straffetiltak vil bli stansa av eit russisk eller kinesisk veto.

Samstundes har også Russland fordømt den nordkoreanske atomprøvesprenginga i sterke ordelag. Putin sa også i dag at

Han Tae Song, nordkoreansk FN-utsending i Geneve.

Den nordkoreanske FN-ambassadøren Han Tae Song lovar fleire gåvepakkar til USA.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Storbritannias FN-ambassadør Matthev Rycloft sa i Tryggingsrådet i går kveld at vestlege land må gjere noko for å stanse pengestraumen frå nordkoreanske gjestearbeidarar i Kina og Russland sender heim til Nord-Korea kvart år.

FN reknar med at det kan vere snakk om mellom 1,2- og 2,3 milliardar dollar kvart år, pengar som regimet kan bruke til å kjøpe raketteknologi og komponentar på den grå marknaden for våpenhandel.

Mattis truer Nord-Korea med «massiv millitær respons»

Lovar fleire «gåvepakkar»

Det er ingenting som tyder på at Nord-Korea har tenkt å late seg presse av det internasjonale samfunnet. Den nordkoreanske FN-ambassadøren i Genève, Han Tae Song, sa på ein nedrustingskonferanse i den sveitsiske byen i dag at landet ikkje vil gi etter for press.

Tvert i mot, sa han, så kan USA vente seg leire «gåvepakkar» frå Nord-Korea i tida som kjem, om ikkje landet endrar politikken sin.

SISTE NYTT

Siste nytt