NRK Meny
Normal

Trump om bilde: – Det var ein vennleg samtale med gruppa

President Donald Trump hevdar at det ikoniske bilete frå G7-møtet er feiltolka. Og eit anna bilete frå den same situasjonen viser at Trump kan ha rett i det.

Trump

TRUMP MOT VERDA: Dette biletet frå G7-møtet i helga har tatt av på sosiale medium etter at Tysklands forbundskanslar Angela Merkel delte det på sin instagramkonto.

Foto: Jesco Denzel / Bundesregierung

Under pressekonferansen i Singapore vart Trump spurt kvifor han behandlar historiske fiendar som vener, og historiske vener som fiendar.

Bakgrunnen var G7-møtet i Canada der europeiske regjeringssjefar konfronterte Trump med den nye straffetollen på stål og aluminium.

Eit bilete som var teke av den tyske regjeringa sin eigen fotograf, Jesco Denzel, vart delt på Angela Merkels Instagram-konto.

Bilete har blitt tolka som bevis på den dårlege stemninga mellom USA og Europa og Canada.

Noko Trump avviser.

– Vi snakka om daglegdagse ting, medan vi venta på nokre endringar i dokumentet som eg hadde bedd om. Og dette bildet med Angela Merkel ser ikkje veldig vennlegsinna ut, og det var rapportert at vi var sinte på kvarandre.

– Men det som FAKTISK skjedde var at heile gruppa snakka vennleg med kvarandre, om noko som ikkje var relatert til noko som helst, sa Trump.

Canadisk foto gjev Trump støtte

Eit bilete teke av fotografen til Canadas regjering, Adam Scotti, viser ein heilt annan situasjon, der Trump og Merkel smiler og ler.

Noko som kan tyde på at Trump har rett i at bilete til den tyske regjeringa sin fotograf var teke ut av samanhengen.

G7-SUMMIT/CANADA

FRÅ EIN ANNAN VINKEL: Det kan sjå ut som at Trump har rett når ein ser på bilete teke av fotografen til den canadiske regjeringa.

Foto: Adam Scotti / Canadas regjering

Men Trump held fast på at det er stor usemje om handelen over Atlanterhavet:

– Eg har eit veldig godt forhold til Angela Merkel, MEN når det gjeld Nato betaler ho mykje mindre enn det vi gjer. Vi betalar for 60–90 % av Nato, og vi verjer europeiske land, og på toppen av det heile« tek dei livet av oss» når det gjeld handel.

Angela Merkel sa i eit intervju med ARD at G7 møtet var «deprimerande».

– Justin, vi har tjue fjernsyn i Air Force One!

Trump vart også konfrontert med at han kalla Canadas statsminister «veik og uærleg» etter G7-møtet i Canada.

Laster Twitter-innhold

Og Trump heldt fast på kritikken mot Trudeau, som han meiner sa ein ting i møtet dei to hadde saman, og noko anna i møte med pressen etter at Trump hadde sett seg på flyet til Singapore:

– Eg trur ikkje Justin veit at Air Force One har over tjue fjernsyn. Og eg ser han på fjernsynet der han seier at han ikkje vil bli «trakassert av USA». Kva snakkar han om? Vi hadde nett teke kvarandre i handa, det var svært vennleg.

– Og han vil lære at dette vil bli dyrt for folket i Canada, sa Trump.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt