Hopp til innhold

Trump og Trudeau lovar samarbeid om handel og mot IS

Både USAs president Donald Trump og Canadas statsminister Justin Trudeau lova å halde fram det historisk gode samarbeidet mellom dei to landa. Dei lova også felles kamp mot terrororganisasjonen IS.

Donald Trump Justin Trudeau

Donald Trump og Justin Trudeau på pressekonferansen i Det kvite hus i kveld norsk tid.

Foto: Evan Vucci / AP

– Vi er kvarandre sine viktigaste partnarar, seier Trudeau.De to nordamerikanske politiske leiarane heldt ein felles pressekonferanse i Det kvite hus i kveld norsk tid, etter samtalar tidlegare på dagen. Dei to var også med på ein konferanse for kvinnelege næringslivsleiarar.

Trump og Trudeau snakka begge varmt om økonomisk samarbeidet mellom nabolanda, og Trump sa at dei er samde om å byggje «bruer av handel». Han sa også at dei skal samarbeide tett om migrasjon og grensekontroll.

Ulikt syn på flyktningar

Justin Trudeau.

Justin Trudeau snakka vart om det gode forholdet mellom Canada og USA.

Foto: Saul Loeb / AFP

Trudeau sa likevel at Canada framleis vil ynskje flyktningar velkomne til landet, medan Trump gjorde det klart at han gjerne vil ta mot menneske som støttar opp om amerikanske verdiar. Han presiserte også at fiendar av USA ikkje vil få kome inn.

– Vi er samde om korleis vi skal kjempe mot terrororganisasjonen IS framover, sa den amerikanske presidenten. Han sa at vi lever i farlege tider, og han tok opp att påstanden om at situasjonen er meir alvorleg enn folk flest veit.

Trump skaut inn at det er heilt naudsynt å gjere noko med Nord-Korea, utan at han gjekk i detalj om det.

– Canada har alltid forstått at det å sørgje for tryggleiken til innbyggjarane, er eitt av ei viktigaste ansvarsområda til alle regjeringar, sa Trudeau på pressekonferansen.

Donald Trump fekk spørsmål om han trudde grensa til Canada var trygg nok, når landet likevel vil ta mot flyktningar.

Donald Trump.

Donald Trump lovar eit endå tettare samarbeid med nabolandet Canada.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

– Ein kan aldri vere heilt sikker på at ei grense er trygg, men vi skal samarbeide tett om dette, svarte han.

– Felles historie

Trudeau minte om at 35 amerikanske delstatar har Canada som sin viktigaste eksportmarknad. Dei to kom ikkje inn på framtida til frihandelsavtalen NAFTA, som Trump har varsla at han vil reforhandle.

– Vi forstår begge to at landa våre er sterkare når vi slår kreftene saman i saker om internasjonal handel, sa Donald Trump.

Begge var også opptekne av at dei to landa har kjempa saman i fleire krigar, at dei har ei lang felles historie og at dei er heilt avhengige av kvarandre. Begge snakka varmt om kor viktig det er å skape økonomisk vekst, slik at innbyggjarane kan få ei inntekt som gir dei sjansen til å ha eit godt liv.

Donald Trump, Justin Trudeau

Donald Trump tok mot Justin Trudeau i Det kvite hus i dag.

Foto: Evan Vucci / AP

– Modellar for godt naboskap

– Vi må arbeide saman og stå saman. Vi skal vere modellar for godt naboskap og godt venskap. Eg ser fram til å samarbeide med Trump og byggje vidare på det historiske samarbeidet mellom landa våre, sa Justin Trudeau blant anna.

Trudeau hadde også med ei gåve til verten, eit innramma bilete frå 1981 av Trump og statsministeren sin far, Pierre Trudeau, som var statsminister då. Biletet var teke i samband med at Trudeau vart tildelt ein pris i New York.

Trump truer Europa med 100 prosent straffetoll

Gikk hardt ut - her har han moderert seg

– Håper Trump tar en burger med Kim Jong-un

SISTE NYTT

Siste nytt