Hopp til innhold

Trump nekta å be mobben stanse angrepet på Kongressen

Medan Kongressen blei storma, var Trump på telefonen med den republikanske leiaren Kevin McCarthy, som bønnfall Trump om å be opprørarane stanse.

Medlemmer og rådgivere i Representantenes hus som søker dekning under stormingen av Kongressen.

Politikarar og rådgivarar frå begge parti måtte søke dekning då mobben braut seg inn i Kongressen 6. januar. Visepresident Mike Pence blei evakuert med mobben i hælane,

Foto: Andrew Harnik / AP

President Donald Trump skal i samtalen ha nekta å be tilhengjarane sine om å avbryte angrepet på nasjonalforsamlinga 6. januar, melder CNN.

Trump skal ha svara: «Vel, Kevin, eg trur at desse folka er meir opprørte over valresultatet enn du er».

McCarthy skal ha blitt so opprørt at han svara: «Kven faen trur du at du snakkar til?»

Hissig ordbruk

Samtalen utvikla seg deretter til ein rope-kamp mellom dei to som utveksla skjellsord.

CNN oppgir at dei har fått opplysningane frå fleire kjelder innan det republikanske partiet som fekk vite om telefonsamtalen direkte frå McCarthy kort tid etter. Ein av dei var kongressrepresentanten Jaime Herrera Beutler som og har stadfesta opplysninga på eit ope møte og direkte til CNN.

Kevin McCarthy

Republikanarane sin leiar i Representanthuset, Kevin McCarthy, bønnfall presidenten om å be tilhengjarane hans avbryte storminga, men fekk ikkje gehør.

Foto: Tasos Katopodis / AFP

Dei nye detaljane om kva Trump visste, blei kjent natt til laurdag etter at forhandlingane i riksrettssaka var avslutta i Washington DC. Fleire kommentatorar har kalla informasjonen avslørande.

Trump-advokatar seier Trump ikkje visste

Galge satt opp utenfor Kongressen 6. januar 2021

Galge som var satt opp utanfor Kongressen 6. januar.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB

I riksrettssaka fredag kveld sa Trump sin forsvarar at Trump ikkje visste at mellom andre visepresident Mike Pence var i fare.

Andre kjelder seier at Trump denne ettermiddagen følgde med på dei direktesende TV-bileta frå Kongress-storminga frå Det kvite huset, og at han visste kva som skjedde.

Pence blei evakuert frå Senatssalen berre minutt før opprørarane trengde seg inn i salen med makt. Utanfor hadde opprørarane sett opp ein galge.

Medan dei gjekk gjennom gangane i kongressbygninga, ropte dei «Heng Mike Pence, heng Mike Pence».

Trump sine forsvararar hevda i riksrettssaka at Trump sende ut fleire Twitter-meldingar medan opprøret gjekk føre seg, der han bad opprørarane om å roe seg.

Men forsvararane hoppa over meldinga der Trump gjekk til direkte angrep på Pence og sa at han mangla mot. Dei nevnte heller ikkje at det tok fleire timar før han oppfordra tilhengjarane sine til å dra heim.

Krev etikk-gransking

Også den republikanske senatoren Tommy Tuberville har fortald CNN at han og var på telefonen med president Trump medan opprøret gjekk føre seg, og at han fortalde presidenten at Pence måtte evakuerast frå Senatet. Tuberville seier at Trump var tydeleg informert om kor farleg det var.

Tommy Tuberville

Senator Tommy Tuberville (R) har stadfesta at han fortalde president Trump at Mike Pence måtte bli evakuert frå senatet.

Foto: JOSHUA ROBERTS / Reuters / NTB

Forsvararane til Trump gjentok under rettssaka fredag at presidenten ikkje var klar over at Pence var i fare.

Sju senatorar ber nå etikkomiteen i Senatet etterforske kva som skjedde under denne telefonsamtalen.

– Han må ha visst

Kva Donald Trump visste om tryggleiken til visepresidenten under angrepet blei tema då senatorane fekk stille spørsmål i riksrettssaka fredag kveld.

Trumps tweet om at Pence manglet mot, slik den ble vist fram under riksrettssaken.

Trump tvitra om at Pence mangla mot mens angrepet skjedde. Slik blei meldinga vist fram under riksrettssaka.

Foto: AP / NTB

Den republikanske senatoren Mitt Romney frå Utah spurde om presidenten visste at Pence var trygg då han sende ut Twitter-meldinga der han kritiserte Pence for å mangle mot.

Mitt Romney fotografert på veg inn i Senatet fredag.

Senator Mitt Romney (R) fotografert på veg inn i Senatet fredag.

Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB

Demokraten Joaquin Castro seier at presidenten må ha visst at visepresidenten var i fare under storminga. Angrepet gjekk på TV-skjermar overalt, og dei to telefonsamtalane viste det same.

Dei to republikanarane Susan Collins og Lisa Murkowski ville vite kva Trump visste, kva han hadde gjort for å avslutte angrepet og når han gjorde det. Collins og Murkowski var blant dei seks republikanarane som stemte for at grunnlova opna for at ein ekspresident kan bli stilt for riksrett.

Men forsvararen Michael van der Veen sa fredag at det ikkje stemmer at presidenten visste. Veen meiner riksrettssaka er pressa fram av demokratane og at omstenda ikkje har blitt etterforska godt nok.

Saka kan vere over laurdag

Fredag brukte Trump sine forsvararar dryge tre timar på å legge fram argumenta sine. Etterpå fekk senatorane fire timar til å stille skriftlege spørsmål til aktoratet og forsvararane, noko som tok eit par timar.

Den raske saksgangen betyr at laurdag kan bli siste dagen av riksrettssaka. Då startar dei klokka 16 med sluttprosedyrar og ei endeleg avstemming om skuldspørsmålet. Det kan skje rundt klokka 21 norsk tid.

Det er ikkje mange som trur at så mange som 17 republikanarar vil støtte demokratene og domfelle Trump i denne andre riksrettssaka mot han.

SISTE NYTT

Siste nytt