Hopp til innhold

Trump mistar favorittplassen

Støtte frå tungvektsboksar Mike Tyson hjelp tydelegvis ikkje – Donald Trump er ikkje lenger republikanarane sin presidentfavoritt.

US-VOTE-REPUBLICANS-POLL-FILES

RIVALAR: Ben Carson seglar opp som favoritt i den siste meiningsmålinga blant dei republikanske presidentkandidatane.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

– Denne skjønar eg ikkje heilt. Eg hadde trudd vi låg mykje betre an. Eg trur vi ligg mykje betre an faktisk, sa Trump som ikkje er kjend for å vere beskjeden, då han fekk dei nye tala presentert på MSNBC's "Morning Joe.

Ben Carson tek ifølge ein ny meiningsmåling frå CBS News/New York Times over førsteplassen frå Trump, sjølv om svingingane er innanfor feilmarginen. No er det 22 prosent av dei republikanske veljarane som vil ha Trump som president, deriblant den kjende boksaren Mike Tyson som offentleg gav han si støtte måndag, medan 26 prosent føretrekker Carson.

Trur eigentleg på meiningsmålingar – eller?

Det starta allereie torsdag i førre veke då Carson tok over førsteplassen i Iowa, den første staten som skal stemme fram den endelege kandidaten, og i dag følgde dei nasjonale tala etter, skriv Politico.

Trump stilte seg uforståande til tala.

– Eg skal faktisk til Iowa i dag. Eg har svære mengder og ein veldig kjærleik i rommet ... vi ser ut til å ha treft ei nerve.

Trump har hatt ein tendens til å overdrive positive resultat og å avfeie negative resultat, ifølge Politico. Sjølv seier Trump at han har studert statistikk på Wharton School of Business, og at han generelt stolar på meiningsmålingar, men at han likevel er skeptisk.

– Dei kjem alle stader frå. Ein fyr er her oppe, nokon andre er der oppe, ein ser svingingar på 10 og 12 poeng umiddelbart, til og med på same dag. Så akkurat no er dei ikkje veldig vitskapelege. Eg trur det er vanskeleg å få til når ein har så mange. Men i det store og det heile ... eg trur på meiningsmålingar. Eg meiner at dei fortel noko. Dei fangar i det minste opp ein trend.

På offensiven

Trump legg ikkje skjul på at han som konkurransemenneske ikkje vil legge mykje imellom når det gjeld å angripe hovudmotstandaren. Dei siste dagane har Trump kritisert Carson for å vingle i synet på abort og stilt spørsmål ved hans religiøse tru. Carson er adventist, medan Trump er presbyterianar, som han sjølv omtalar som meir moderat.

USA-ELECTION/REPUBLICANS The podiums for Rubio, Trump and Carson are lined up in the center of the stage for tomorrow's Republican presidential candidate debate in Boulder

DUKA FOR DEBATT: Podiet står allereie klart for dei republikanske presidentkandidatane som skal møtast til sin tredje debatt natt til torsdag.

Foto: RICK WILKING / Reuters

Natt til torsdag norsk tid får dei begge sjansen til å bryne seg i den tredje debatten mellom kandidatane på republikansk side, denne gong i Colorado.

SISTE NYTT

Siste nytt