Hopp til innhold

Trump med nytt åtak på Fauci – kallar åtvaringar frå smittevernsjefen uakseptable

USA sin leiande ekspert på infeksjonssjukdommar, Anthony Fauci, åtvarar sterkt mot ei for rask gjenopning av landet. Presidenten seier at synspunkta hans er uakseptable.

President Donald Trump og Anthony Fauci i Det hvite hus

USAMDE: President Donald Trump og hans fremste smittevernekspert Anthony Fauci har ikkje likt syn på gjenopning av USA.

Foto: Alex Brandon / Alex Brandon

Fauci har denne veka åtvara mot å opne forretningsverksemd og skular for raskt i USA. Han seier det kan føre til oppblomstring av nye utbrot over heile landet, nye dødsfall, meir liding og setje landet ytterlegare tilbake økonomisk.

– For meg er dette ikkje eit akseptabelt svar, særleg når det gjeld skular, sa president Trump då han møtte media onsdag.

Det einaste Trump meiner vil vere akseptabelt, er å halde professorar og lærarar «over ein viss alder» heime frå jobb.

– Dei burde ta det med ro nokre veker til, sa presidenten.

Dr. Anthony Fauci vitner for Senatet om koronasituasjonen i USA 12. mai.

ÅTVARA: Dr. Anthony Fauci vitna for Senatet på videolink om koronasituasjonen i USA 12. mai.

Foto: Handout / Reuters/NTB Scanpix

Turbulent

Det er ikkje første gong Trump og Fauci ope har vore usamde. I april la Trump ut ei melding på Twitter der nokon andre foreslo å gi Fauci sparken, etter at eksperten hadde komme med ein kommentar om at fleire liv kunne vore spart om USA hadde stengd ned tidlegare.

– Anthony er ein bra person, ein svært bra person, eg har vore usamd med han, sa Trump onsdag i eit intervju på morgonsendinga på Fox Business Network. Han gjentok at USA må opne opp igjen.

– Vi ønsker å gjere det trygt, men vi ønsker òg å gjere det så fort som mogleg, Vi må få opna opp. Eg er fullstendig usamd med han når det gjeld skular, sa Trump.

Donald Trump og Anthony Fauci

TOTALT UEINIGE: Trump sa onsdag at han og Fauci var «totalt» ueinige om gjenopninga sa det amerikanske samfunnet.

Foto: MANDEL NGAN / AFP/NTB Scanpix

President Trump hadde planlagt å stille til attval i år med ein sterk amerikansk økonomi som sitt viktigaste kort i valkampen. Han har fleire gonger oppmoda til å gjenopne bedrifter og skular som har måtta stengje for å stanse spreiinga av koronaviruset.

Truverdig mann

79 år gamle Fauci blir rekna som den mest truverdige mannen til regjeringa i kampen mot koronaviruset. Rundt 1,4 millionar amerikanarar har fått påvist koronasmitte, og styresmaktene har til no registrert over 83.000 koronarelaterte dødsfall.

– Dei fleste av oss har ei kjensle av at talet på døde truleg er høgare enn dette, seier Fauci.

Fauci har vore ein forkjempar for framleis nedstenging for å få kontroll på spreiinga av viruset. Men har mange imot seg, særleg på ytre høgre side i amerikansk politikk.

New York-borgarmeister Bill de Blasio seier til CNN at Fauci er «ei ærleg stemme basert på varsemd, og eg deler hans syn».

– Eg trur vi må vere svært forsiktige med skritta vi tek, seier de Blasio.

Les òg: Det hvite hus vil legge ned beredskapsgruppen for koronapandemien

SISTE NYTT

Siste nytt