Trump med kraftige angrep på Macron

Dei to statsleiarane forsøkte å bli vener då dei møttest i helga, men etter Macrons tale på 100-årsmarkeringa av første verdskrig har Trump på ny fått vatn på Twitter-mølla.

FILES-US-DIPLOMACY-FRANCE-MACRON-TRUMP

Dei var ikkje heilt einige då dei møttest i helga, men påstod at dei hadde oppklart ein del misforståingar som oppstod førre veke. I dag er Donald Trump på ny ute med kraftig kritikk av Frankrikes president Emmanuel Macron.

Foto: SAUL LOEB / AFP

– Make France Great Again, står det i den siste av fleire Twitter-meldingar frå USAs president tysdag formiddag.

Macron åtvara mot nasjonalisme

USAs president Donald Trump går kraftig ut mot sin franske kollega etter at Trump besøkte Frankrike i helga for å markere 100-årsdagen for første verdskrig. Der haldt Macron ein tale kor han åtvara mot auka nasjonalisme og kalla det eit svik.

TOPSHOT-FRANCE-WWI-POLITICS-HISTORY-CENTENARY-DIPLOMACY

Ei lang rekke statsleiarar var til stades i Paris i helga for å markere at et er 100 år sidan første verdskrig. Fleire måtte tole at Macron åtvara mot auka nasjonalisme, men han nemnde aldri namn. No får han svar frå ein av dei som mange mente var målet for utsegna: Donald Trump.

Foto: FRANCOIS MORI / AFP

– Eg ser at gamle demonar er i ferd med å komme til overflata igjen, åtvara Macron.

Den franske presidenten nemnde aldri namn, men mange meinte kommentaren var retta mot mellom andre Vladimir Putin, Donald Trump og Brexit-avgjersla.

I dag kjem president Trump med kraftig motskyts på Twitter.

Laster Twitter-innhold

«Det er ingen land som er meir nasjonalistiske enn Frankrike», står det i slutten av den eine av fleire meldingar frå Donald Trump.

Kranglar om europeisk hær

Han bruker også tid på å forklare at Macrons tale var eit forsøk på å få merksemda bort frå hans låge popularitet i Frankrike. Trump skriv berre 26 prosent av alle franskmenn er nøgd med Macrons innsats, og at arbeidsløysa er på nesten ti prosent.

Trump kritiserer også Frankrike for å gjere det vanskeleg for USA å importere vin, og han tek opp igjen stridsøksa som han og Macron forsøkte å gravlegge før søndagens markering.

Laster Twitter-innhold

På tysdag kritiserte Trump Macrons plan om å bygge ein europeisk hær. Macron tok i førre veke til orde for ein slik idé. Ein slik hær kan, ifølge Macron, gjere europeiske land mindre avhengige av USA, og kan også beskytte mot USA.

France WWI Centennial

To aksjonistar i Paris kledde seg ut som Trump og Macron.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Macron: – Misforstått

Dette har fått Trump, som styrer landet som er ein viktig alliert av Europa, til å reagere kraftig.

– Veldig fornærmande, tvitra Trump, mens kontoret til Macron sa at den franske presidenten var blitt feiltolka.

Då dei to møttest i helga var dette eit tema, og på pressekonferansen etterpå gjentok Macron at han hadde blitt misforstått.

I dag skriv Trump på Twitter at USA måtte hjelpe Frankrike då «folk allereie hadde starta å snakke tysk i Paris». Deretter skriv han ein bodskap han også har skrive mange gonger før «Betal for Nato eller la vere!».

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt