Vil oppkalle ny politireform etter George Floyd – Trump har varsla veto

Representanthuset i USA har med stort fleirtal vedteke ei omfattande politireform. Republikanarane i Senatet seier dei ikkje vil godta reforma. President Trump har allereie sagt han vil nedleggje veto.

Nancy Pelosi foran Kongressbygningen etter vedtakert om politireform

FORAN KONGRESSEN: Demokratanes leiar i Representanthuset, speaker Nanci Pelosi, kalla forslaget til ny politilov for historisk.

Foto: YURI GRIPAS / Reuters / NTB Scanpix

Debatten og vedtaket i Representanthuset i natt var tungt lada ved kjensler og symbolikk, melder nyheitsbyrået AP.

Ein djupt splitta Kongress slit med å handtere opprøret som har oppstått etter at den svarte amerikanaren George Floyd døydde under kneet til ein kvit politimann i Minneapolis i mai.

Etter vedtaket utfordra speaker Nanci Pelosi politiske motstandarar. Ho sa at om ikkje Kongressen vedtek endringar i lover og reglar no, så vil både dødsfalla og alt engasjementet som har oppstått, ha vore forgjeves.

– For akkurat ein månad sidan var George Floyds siste ord «Eg får ikkje puste». Det endra historia, sa ho.

Ho sa at republikanarane no prøver å sleppe unna ansvaret for drapet på Floyd.

Ho sa at Senatet no har valet: «Å ære Floyd, eller gjere ikkje noko».

Kevin McCarthy foran en plakat der Nancy pelosi anklager republikanerne for å prøve å slippe unna ansvaret for drapet på george Floyd

Leiaren for Republikanerne i Representanthuset, Kevin McCarthy, foran ein plakat der Nancy Pelosi anklagar republikanarane for å prøve å sleppe unna ansvaret for drapet på George Floyd.

Foto: ALEX WONG / AFP / NTB Scanpix

Oppkalla etter George Floyd

Politireforma som har fått namnet «The George Floyd Justice in Policing Act» er kalla ein ambisiøs serie med reformer som skal endre prosedyrane til politiet og plassere ansvar tydelegare. Men sjansane for at reforma går gjennom begge kammer, er ørsmå.

Truleg stansar ho allereie i det republikansk-dominerte Senatet. Republikanarane sin majoritetsleiar Mitch McConnell har allereie signalisert det klart.

Ei årsak er at Demokratane tidlegare i veka blokkerte eit anna forslag til politireform fremja av Republikanarane, fordi dei meinte det ikkje var vidtrekkande nok.

Nanci Pelosi

OPPKALLA: Lovforslaget har fått namn etter George Floyd som døydde under ein arrestasjon i Minneapolis.

Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB Scanpix

Trump varslar veto

Om det nye forslaget likevel skulle gå gjennom, har Det kvite huset allereie varsla at president Donald Trump vil nedleggje veto.

Etter at det republikanske reformforslaget lei nederlag måndag, trekte Trump på skuldrane.

– Viss ikkje noko skjer, så er det slik det blir. Vi har ulike filosofiar, sa han.

Heitt tema i valkampen

Med dagens fordeling av plassane i Kongressen ser situasjonen ut til å vere låst.

I staden er det venta at dødsfalla til George Floyd, Breonna Taylor som døydde under ein politiaksjon i Kentucky, og Rayshard Brook som vart skoten i ryggen i Atlanta, blir brennheite tema i valkampen.

I november står det både om kontrollen på Det kvite huset, Senatet og Representanthuset. Begge parti vil gjere sitt for å prøve å få kontroll.

– Vi høyrer dykk. Vi ser dykk. Vi er dykk, sa demokraten Hakeem Jeffries frå New York under debatten i natt.

Republikanarane meiner lova går for langt. Pete King, republikanar frå New York sa at det er på tide av nokon forsvarar politiet. Partifellen hans Kevin McCarthy kalla demonstrantane ein mob.

I avstemminga delte Representanthuset seg stort sett etter partiskiljelinjene. Vedtaket vart gjort med 236 mot 181 stemmer. Tre republikanarar kryssa partilinene: Brian Fitzpatrick frå Pennsylvania, Will Hurd frå Texas og Fred Upton frå Michigan.

Når lovforslaget kjem til Senatet, snur fleirtalet.

Men begge forslaga til politireform inneheld nokre felles element, som skipinga av ein felles nasjonal database over maktbruk i politiet, nye restriksjonar i bruken av kvelartak og nye reglar for opplæring. Det burde gjere eit kompromiss mogleg. Spørsmålet er om det er gjennomførbart i det rådande politiske klimaet i USA.

LES OG: Åtte demonstranter: Derfor går vi til gatene

SISTE NYTT

Siste nytt

Politibetjent drept utenfor Pentagon

En politibetjent er omkommet etter en skyteepisode utenfor Pentagons hovedkvarter tirsdag.