NRK Meny
Normal

Trump lovar å halde fast på eitt Kina-politikken

I ein telefonsamtale med Kinas president Xi Jinping i natt norsk tid, lova Donald Trump å halde fast på den såkalla eitt Kina-politikken, opplyser Det kvite hus.

USAs president Donald Trump og Kinas president Xi Jinping

Donald Trump og Xi Jinping hadde ein telefonsamtale i natt norsk tid, der Trump lovde å halde fast på eitt Kina-politikken.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Luis Hidalgo / Ap

Samtalen var den første mellom dei to statsleiarane etter at Trump vart innsett som president i januar. Også kinesiske styresmakter stadfestar at Trump hadde lovd å vidare føre den amerikanske politikken overfor Taiwan.

Det har vore knytt ein del spenning til korleis den ferske amerikanske presidenten ville takle forholdet til Kina og Taiwan. Eitt Kina-politikken går på å godkjenne prinsippet at utbrytarrepublikken Taiwan er ein del av Kina.

– Hjarteleg samtale

Taiwan China Tsai Ing-wen

Kina reagerte sterkt då Taiwans president Tsai Ing-wen nyleg mellomlanda i USA og møtte ein amerikansk senator.

Foto: Ap

Kinesiske styresmakter reagerte sterkt då Taiwans president Tsai Ing-wen møtte den amerikanske senatoren Ted Cruz i Houston i Texas nyleg. Ho mellomlanda på veg til Mellom-Amerika, der ho skulle besøke Honduras, Nicaragua og El Salvador.

Beijing hadde på førehand bede om at Tsai ikkje skulle få flyge gjennom amerikansk luftrom.

Det var også sterke reaksjonar frå Kina då Donald Trump, på ein av dei første dagane etter at han vart valt til president, hadde ein telefonsamtale med den taiwanske presidenten .

I telefonsamtalen mellom Trump og Xi i natt utveksla også dei to presidentane invitasjonar til å besøke kvarandre. Ein talsmann for Det kvite hus kallar samtalen mellom dei to statsleiarane som «ekstremt hjarteleg».

I dag skal Donald Trump møte sin japanske kollega Shinzo Abe i Washington.

– På kollisjonskurs

Kina har tidlegare gjort det klart at landet er open for ein dialog med USA, men på eitt vilkår . At USA aksepterer at Taiwan er ein del av Kina. Kina-eksperten Henning Kristoffersen sa tidlegare denne veka til NRK at USA og Kina var på ein farleg kollisjonskurs, og der krig mellom dei to landa er ein «praktisk realitet».

No ser det altså ut til at USA vil halde fram sin noverande politikk overfor Kina. Det vart reist tvil om dette etter at Donald Trump i eit intervju med avisa Wall Street Journal sa at eitt Kina-politikken ville bli eit tema for forhandlingar.

Norskætta guvernør blir Trumps mann i Kina

– Trump bryr seg ikke om Taiwan

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt