Hopp til innhold

Trump krev endå ei omteljing i Georgia

President Donald Trump har formelt bede om ein tredje teljing av røystene i Georgia, ein av vippestatane han tapte. Samstundes vart søksmålet hans i Pennsylvania blankt avvist.

Donald Trump

GIR IKKJE OPP: President Donald Trump gir seg ikkje. No vil han ha ein tredje teljing av stemmesetlane i delstaten Georgia.

Foto: Susan Walsh / AP/NTB

Georgia, som historisk har vore ein bastion for Republikanarane, vart vunne av Joe Biden med ei overvekt på dryge 12.000 røyster. Marginen var så liten etter den første maskinelle oppteljinga, at omteljing for hand vart igangsett.

Omteljinga viste at det var nokre feil i den første runden, og Biden sitt overtak vart då redusert frå 14.000 til 12.670 røyster.

Valstyresmaktene i Georgia og delstaten sin guvernør, republikanske Brad Kemp, godkjente valresultatet formelt fredag. Dermed gjekk dei 16 valmennene frå delstaten til Joe Biden.

Men sidan marginen var på berre 0,25 prosent, har den tapande parten rett til å krevje endå ei omteljing. Denne tredje runden skal gjerast med teljemaskinar.

Den formelle førespurnaden om dette vart motteke i Georgia laurdag kveld.

Søksmål avvist i Pennsylvania

Samtidig som dette skjedde, fekk Trump-kampanjen ein kalddusj i Pennsylvania.

Ein føderal dommar avviste laurdag eit søksmål frå Trump sine advokatar, som ville kasta ut millionar av poststemmer og sette valresultatet til side.

I rettsavgjerda frå dommar Matthew Brann seier han rett ut at søksmålet er grunnlaust. Han kallar skuldingane «spekulative».

Matthew Brann

KNUSANDE: Matthew Brann er sjølv republikanar og har levert ein knusande karakteristikk av Trump-kampanjen sitt søksmål.

Foto: Mark Nance / AP/NTB

– Det er ikkje opp til ein domstol å bryte med grunnlova, skriv dommaren om grunnlaget for søksmålet.

Rettsavgjerda blir av CNN omtalt som «audmjukande».

– I USA er det ikkje rettvist å ta røysteretten frå ein einaste veljar, og slett ikkje frå alle veljarane i den delstaten med det sjette høgaste folketalet. Folket vårt, lovene våre og institusjonane våre krev meir, skriv dommaren, som sjølv er republikanar.

Trump sine advokatar varsla søndag at dei vil anke denne avgjerda.

30. rettslege tap for Trump

Dette søksmålet var det siste av dei som Trump-kampanjen har meld inn, som var stort nok til at det kunne ha svinga fleirtalet i ein delstat.

Ifølgje CNN er tapet laurdag minst 30. gongen som Trump sine advokatar har tapt eller trekt eit søksmål om valresultatet.

I berre to tilfelle har dei vunne fram, og i dei sakene har det dreidd seg om svært få røyster.

Biden sin sigersmargin i Pennsylvania var på over 81.000 røyster.

Gratulerte

Etter at søksmålet var avvist, gratulerte Pennsylvania sin republikanske senator, Pat Tooney, Joe Biden med valsigeren i delstaten.

Pat Tooney

Republikanaren Pat Tooney gratulerte Joe Biden med sigeren i Pennsylvania.

Foto: Alex Brandon / AP/NTB

Dermed har Biden sikra seg 20 valmann frå Pennsylvania når berre nokre få delstatsresultat manglar.

Så langt leiar Biden over Trump med 306 mot 232 valmenn. Det er nok til å sikre sigeren. Valmenn frå alle delstatar gjer dei formelle presidentvalet i desember.

SISTE NYTT

Siste nytt