NRK Meny
Normal

Trump invitert til Kina

– Vi har gjort kolossale framskritt, seier Donald Trump etter besøket frå sin kinesiske motpart, som no vil gjengjelde invitasjonen.

Donald Trump og Xi Jinping

Tonen var langt blidare enn Trump har hatt for vane i sine Twitter-meldingar om Kina då to av verdas mektigaste møttest fredag.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Etter møtet mellom to av verdas mektigaste menn i Florida torsdag og fredag har den kinesiske presidenten Xi Jinping invitert Trump på statsbesøk seinare i år, noko Trump ifølge det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua har takka ja til.

USAs utanriksminister Rex Tillerson vil derimot ikkje spesifisere når besøket vil finne stad.

Frå Twitter-truslar til diplomatisk tone

Trass i at møtet blei overskygga av USAs luftangrep i Syria og Russlands reaksjonar på dette, let begge partar vel over treffet på Trumps vinterresidens Mar-a-lago, og The Guardian viser korleis kinesiske aviser har valt å prioritere møtet mellom dei to framfor Syria.

Laster Twitter-innhold

Også Trumps kommentarar vitnar lite om Twitter-meldingane han har fyrt av mot sin kinesiske motpart tidlegare.

– Forholdet mellom president Xi og meg sjølv er eineståande, sa Trump, og la til at trur at «mange potensielle problem vil forsvinne».

Kina går med på å redusere handelsoverskotet

Sjølv om begge sider let vel, var det lite konkret som kom ut av møtet mellom to av verdas mektigaste menn i Florida, ifølge Reuters.

Nord-Korea var sjølvsagde punkt på agendaen, det same var handel og den militære opptrappinga i Sørkinahavet – tre område der dei to stormaktene står langt frå kvarandre.

USA-CHINA/

Trass i tidlegare truslar om at han ikkje fortente å få anna enn ein billig burger til den kinesiske presidenten kom Xi til duk og dekka bord.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

Ifølge Trumps rådgivarar skal Xi ha gått med på ein 100-dagars plan for handelssamtalar som skal munne ut i ein auke av USAs eksport og ein reduksjon i Kinas handelsoverskot, som for Kina skal fungere som ein reiskap i å kontrollere inflasjonen i landet.

Trump har gitt handelsoverskotet skulda for tapet av amerikanske arbeidsplassar, og har tidlegare skulda Kina for å drive med valutaspekulasjon.

Tillerson seier at Xi har gått med på å styrke samarbeidet mot Nord-Koreas missil- og atomprogram sjølv om han ikkje har kome med nye løysingar for å stoppe regimet.

Xi på si side har oppfordra USA til å ta del i Kinas infrastrukturprosjekt «One Belt, One Road», ei slags gjenoppliving av Sikeveien, ei historisk handelsrute mellom Asia og Europa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt