Hopp til innhold

Trump i tet på to nye målingar

Donald Trump har passert Hillary Clinton på to landsdekkande meiningsmålingar, knappe to døgn før presidentvalet.

Donald Trump.

Donald Trump er i føringa på to landsdekkande meiningsmålingar.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

På ei måling TIPP har gjort for Investor's Business Daily får Trump støtte frå 44 prosent, medan Clinton fått 43 prosent. Gary Johnson (Libertanarane) får 5 prosent, medan den grøne kandidaten Jill Stein får 2 prosent, melder NTB.

TIPP har treft best blant meiningsmålarane ved dei tre siste presidentvala i USA.

Sprikande målingar

På den siste målinga til USC Tracking får Trump støtte frå 48 prosent, medan Hillary Clinton har ei oppslutning på 43 prosent. Denne målinga er gjort for avisa Los Angeles Times.

Hillary Clinton.

Hillary Clinton

Foto: Andrew Harnik / Ap

USC Tracking har som det einaste instituttet hatt Trump i føringa gjennom heile valkampen. Dei nyttar ein annan metode enn dei andre, ved at dei spør det same utvalet av veljarar kvar gong.

På RealClearPolitics si snittmåling av dei åtte landsdekkande målingane, har Clinton framleis eit knapt forsprang på 1,4 prosentpoeng.

Tidlegare i dag la Washington Post og ABC News fram ei måling som viste at Hillary Clinton var i føringa med 48 mot 43 prosent, eit forsprang på fem prosentpoeng. NBC News har lagt fram ei anna måling der Clinton leier med fire prosentpoeng.

Vippestatane er nøkkelen

Det er viktig å få med seg at presidentvalet blir avgjort i vippestatane, og at dei nasjonale enkeltmålingane ofte er ein dårleg peikepinn. Tendensen er at det kanskje berre er 3-4 prosentpoeng som skil dei to kandidatane nasjonalt, med Clinton i tet.

Hillary Clinton har ein fordel på grunn av innbyggjarar-samansetjinga i vippestatane.

Innspurten i valkampen er svært intens. Donald Trump satsar maksimalt på dei såkalla vippestatane, der han har størst sjanse til å ta igjen Hillary Clinton. I natt norsk tid vart han riven ned frå talarstolen av to Secret Service-agentar etter at det oppstod uro i salen.

Det viste seg å vere ein mann som heldt opp ein plakat med teksten «Republikanarar mot Trump». Andre i salen gjekk laus på mannen, etter at nokon ropte at han var væpna. Det var desse tumultane som dekk Secret Service til å få Trump unna.

Trump i medvind

Trass i at meiningsmålingane sprikar, så verkar det klart at Donald Trump har styrkt posisjonen sin dei siste par vekene. Ingen torer lenger å sjå bort frå at den omstridde milliardæren kan bli den neste presidenten i USA.

Julie Wilhelmsen

Julie Wilhelmsen er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitiske institutt (NUPI).

Foto: NRK

Hillary Clinton kan bli USAs første kvinnelege president. Ho stilte som motkandidat til Barack Obama i nominasjonsprosessen i Det demokratiske partiet før valet i 2008, men måtte gi tapt for den noverande presidenten.

Trump: Jeg trenger ikke støtte fra kjendiser

– Alt for å stanse Hillary

Mange har uttrykt frykt for amerikansk utanrikspolitikk med Donald Trump i presidentsetet, og som øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Men det er uro også for kva ein ny Clinton i Det kvite hus kan føre til.

Clinton-risiko

I eit intervju med NTB seier forskar og Russland-ekspert Julie Wilhelmsen at risikoen for konflikt og krigshandlingar mellom Russland og Vesten kan auke med Hillary Clinton som president.

Ho peikar på at Clinton stod for ein tøff politikk då ho var utanriksminister, og NUPI-forskaren fryktar at ho vil endre Obamas pragmatiske og noko tilbakehaldne politikk. Wilhelmsen viser til at forholdet mellom vestlege land og Russland er meir spent enn det har vore på fleire tiår.

Hillary Clinton har tidlegare teke til orde for å forsyne Ukrainas regjeringsstyrkar og syriske opprørarar med våpen. Ho har også gått inn for ei flyforbodssone over Syria.

Seks veier til seier for Trump

Trumps farlige maskulinitet

SISTE NYTT

Siste nytt