Hopp til innhold

Trump hintar om å bli presidentkandidat i ny tale

Frå talarstolen langa Donald Trump ut mot kongresshøyringane. Samtidig gjekk han langt i å lansere seg sjølv som presidentkandidat.

Trump på scena for første gong etter kongresshøyringane

LANGAR UT: Den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump langa ut mot kongresshøyringane og kalla komitémedlemmene for bedragarar.

Foto: HARRISON MCCLARY / Reuters

– Dei er bedragarar. Kvar og ein av dei er hatske venstreradikale som hatar dokker og som hatar meg enno meir. Eg forsøker berre å hjelpe dokker, sa Trump.

På ein politisk konferanse i Nashville, i natt norsk tid, hadde den tidlegare amerikanske presidenten si første offentlege framsyning sidan kongresshøyringane byrja.

I tala gjekk Donald Trump kraftig ut mot komiteen som i ei dryg veke har vist fram deira gransking av kongresstorminga frå i fjor.

Trump kalla det heile «ei einsidig heksejakt».

Trass i at det er grundig tilbakevist, heldt Trump fram med å kalle valet av president Joe Biden for rigga.

Han gjekk også langt i å lansere seg sjølv som presidentkandidat til valet i 2024.

– Vil nokon at eg skal bli president? sa Trump, til jubel frå publikum.

Les også Trumps justisminister: Han mistet grep om virkeligheten

House January 6th Select Committee Holds Its Second Hearing

Skal vere nær formell lansering

Kjelder nær den tidlegare presidenten har fortalt til CNN at han er særs nær om å formelt lansere seg sjølv som kandidat.

Det er dårleg timing, meiner fleire av Trump sine rådgivarar, som ifølge CNN har råda han om å vente først til neste år, etter røyken rundt kongresshøyringane har lagt seg.

I høyringane, som har gått på TV i beste sendetid denne veka, har det blitt retta stor merksemd mot Trump sine forsøk på å halde på makta etter presidentvalet i 2020.

Ifølge komiteen forsøkte Donald Trump å presse dåverande visepresident Mike Pence til å avvise valresultatet og erklære Trump som vinnar.

Då Pence nekta, elda Trump opp folkemengda til å skade Pence, konkluderer komiteen.

Tidligere visepresident i USA Mike Pence

«Heng Mike Pence» var slagordet blant mange av dei som braut seg inn i kongressen. Her er tidlegare visepresident Mike Pence i eit evakueringslokale under hendinga.

Foto: AP

Ivanka Trump vedgjekk løgn

Komitémedlemmene har vore tydelege på at mange på innsida av Det kvite hus skal ha fortalt Trump at påstandane hans om valfusk var grunnlause.

Under høyringane har fleire som tidlegare stod Trump nær, trassa han i sine vitnesbyrd.

Trumps justisminister William Barr uttala i høyringane at Trump sine skuldingar om valfusk var «pisspreik».

Donald Trump si eiga dotter, Ivanka Trump, har også vedgått at påstandane om at valet var stole, ikkje var sanne.

Ivanka var politisk rådgivar i Det kvite hus og ei av dei som stod faren nærmast.

Les også – Trump tente flammen som førte til stormingen

Møtt med jubel

Med slagordet «tru og fridom» på talarstolen blei Trump natt til laurdag møtt med jubelbrus og heiarop frå publikum.

Trump gav uttrykk for at høyringane var eit forsøk frå det demokratiske partiet om å væpne rettssystemet mot sine politiske motstandarar.

– Komiteen nektar å vise fram dei som seier dei gode tinga, dei tinga som vi ønskjer å høyre, sa han.

På talarlista stod også andre framståande politikarar i det republikanske partiet, som Ted Cruz og Nikki Haley.

Faith and freedom

Trump sin høgttravande tale gjekk føre seg i nærmare to timar framfor publikummet i Nashville.

Foto: HARRISON MCCLARY / Reuters

Trump nytta også taletid på å angripe den tidlegare visepresidenten Mike Pence for at han ikkje avviste stemmene som Trump meinte var falske.

– Mike Pence hadde ei historisk moglegheit. Men han er ein robot, eit menneskeleg transportband, sa Trump.

I tillegg ville krigen i Ukraina ikkje skjedd om han hadde vore i Det kvite hus, ifølge den tidlegare presidenten.

– Det vil aldri ha skjedd om ikkje valet var rigga og eg var president, sa Trump.

SISTE NYTT

Siste nytt