Hopp til innhold

Trump har peikt ut ny ambassadør til Noreg

President Donald Trump har nominert ein tidlegare speaker i Representanthuset i Georgia som ny amerikansk ambassadør til Noreg.

Mark Burkhalter er Trumps nyaste mann i Noreg.

Mark Burkhalter er Trump sin nye mann i Noreg.

Foto: Ric Feld / AP

«J. Mark Burkhalter frå Georgia er utnemnd til å vere ekstraordinær ambassadør og fullmektig for USA til kongedømmet Noreg», heiter det i ei pressemelding frå Det kvite hus.

USAs nye ambassade i Oslo

USA-ambassaden i Oslo får ny sjef utnemnt av president Donald Trump.

Foto: NRK

I pressemeldinga blir det trekt fram at Burkhalter er ein seniorrådgivar med offentleg politikk og regulering som fagområde i advokatfirmaet Denton. Der skal han ha spelt ei betydeleg rolle mellom anna i saker om økonomiske utviklingstiltak i Storbritannia.

Burkhalter (59) var speaker for Representanthuset i Georgia i 18 år frå 1992, der han fokuserte på å fremje økonomisk utvikling, forretningsvekst og livskvalitet i Atlanta-området. Seinare har han gjort ein karriere innan eigedomsutvikling, heiter det frå Det kvite hus.

Kenneth Braithwaite

Kenneth Braithwaite har vore ambassadør i Oslo sidan 2018.

Foto: Gjermund Håkonseth / NRK

Kenneth Braithwaite har vore USAs ambassadør til Noreg sidan februar 2018, etter at stillinga hadde stått tom i to og eit halvt år etter valsigeren til Trump.

Det er ikkje sagt når Burkhalter skal tiltre.

Dei fleste amerikanske ambassadørar har bakgrunn som diplomatar, men det er ikkje uvanleg at amerikanske presidentar òg peikar ut utsendingar som har ein annan bakgrunn. Dei politisk utnemnde ambassadørane blir som regel bytte ut ved presidentskifte.

SISTE NYTT

Siste nytt