Hopp til innhold

Trump med innstramminger for TikTok og WeChat om 45 dagar

USAs president Donald Trump har skrive under på to presidentordrar som forbyr transaksjonar via TikTok og WeChat frå midten av neste månad.

President Donald Trump og logoen til TikTok

TRUSSEL: TikTok er eit sosialt nettverk der brukarane kan dele korte videoar. No seier president Donald Trump at den er ein trussel mot USA.

Foto: JIM WATSON] [LIONEL BONAVENTURE / AFP / NTB Scanpix

I en tidligere versjon hadde saken tittelen «Trump forbyr TikTok og WeChat om 45 dager». Det er ikke dekning for tittelen, og den er derfor endret etter publisering.

Trump har trua med å forby TikTok i lang tid. Han har kravd at dei kinesiske eigarane må selje den amerikanske delen av verksemda.

Presidentordrane inneber at det vert forbode for amerikanske borgarar å overføre pengar via dei to populære appane og via dei kinesiske eigarane deira. TikTok er eigd av Bytedance, medan WeChat er eigd av Tencent.

Den kinesisk-eigde appen TikTok har blitt ein av dei mest populære appane i verda. Den er særleg populær blant ungdom. Gjennom appen kan ein lage og dele videoar på mellom 15 og 60 sekund. Appen blir kritisert av mange som fryktar at Kina kan bruke appen til spionasje.

Tryggleiks-risiko

TikTok er ein trussel mot den nasjonale tryggleiken til USA, heiter det i presidentordren.

Mobilskjerm med flre apper, blant dem TikTok.

VIDEOTENESTE: Den kinesisk-eigde appen TikTok har vorte ein av dei mest populære appane i verda. Den blir brukt til å lage og dele videoar på mellom 15 og 60 sekund.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Trump viser til at dei populære appane samlar inn data om brukarane.

– Denne datainnsamlinga er ein trussel ved at den lèt det kinesiske kommunistpartiet få tilgang til personleg informasjon om amerikanarar. USA må vise standhaftig handling mot eigarane av TikTok for å verne den nasjonale tryggleiken vår, skriv presidenten.

Ein milliard brukarar

Same ordlyd bruker presidenten om appen WeChat. WeChat vart lansert i 2011, og er ei plattform for chatte-meldingar, e-handel og ei betalingsløysing. Ifølgje Bloomberg har den over ein milliard brukarar verda over.

QR-koder for betaling via Alichat og WeChat på et grønnsaksmarked i Nantong i Kina.

POPULÆR: QR-kodar for betaling via Alichat og WeChat på ein grønsakmarknad i Nantong i Kina.

Foto: AFP / NTB Scanpix

Presidentordren kjem samtidig som Microsoft, som etter samtalar med amerikanske styresmakter, vurderer å kjøpe den amerikanske verksemda til TikTok innan 45 dagar.

Presidentordren spesifiserer ikkje kor mykje av ein eventuell salssum som må sendast til det amerikanske finansdepartementet, eit poeng som presidenten har insistert på i fleire dagar.

SISTE NYTT

Siste nytt