NRK Meny
Normal

Trump feirer 70-årsdag med å boikotte Washington Post

Presidentkandidaten meiner reporterane til avisa er falske og uærlege.

US-GOP-PRESIDENTIAL-CANDIDATE-DONALD-TRUMP-CAMPAIGNS-IN-WESTERN-

Washington Post får ikkje lenger haike med valkampflyet til Donald Trump.

Foto: JEFF SWENSEN / Afp

Bakgrunnen er ei overskrift i avisa, der det stod å lese:

«Donald Trump hintar til at president Obama var involvert i Orlando-skytemassakren.»

Overskrifta har seinare blitt moderert, for som avisa seier, å referere meir presist til det Trump hadde sagt til Fox News.

«Donald Trump ser ut til å knytte president Obama til Orlando-skytemassakren»

Men det var for lite og for seint.

Boikott

Vi vil ikkje lenger samarbeide med ein publikasjon som set klikkjaget føre journalistisk integritet, sa Trump-kampanjen i ei utsegn til pressen.

– Trump har ingenting i mot ei negativ historie, men den må vere sann.

Og legg til:

– Washington Post blir brukt som lobbyistar av eigarane til Amazon, slik at dei slepp å betale skatt og ikkje blir saksøkt for sine monopolistiske tendensar, som har øydelagt for varehus og detaljhandel.

Det er uvisst kva som ligg i desse skuldingane.

I praksis betyr boikotten at Washington Post ikkje lenger får akkreditering til Trump sine valmøte. Og dei får ikkje vere med landet rundt i Trump-flyet.

– Eit angrep på den frie presse

Sjefredaktør i Washington Post, Marty Baron, gjekk så ut på Twitter og kalla boikotten eit angrep på den frie pressen.

– Vi vil halde fram med å dekke Donald Trump på ærleg, nøyaktig og uredd vis, skriv han på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Ikkje første gang

Det er ikkje første gang Trump har boikotta journalistar, fleire mindre legendariske mediehus enn Washington Post har fått smake Trumps vreide.

Daily Beast, Huffington Post, Buzzfeed og Politico for å nemne nokon.

Ein amerikansk journalist hevdar totalt 7 medier er boikotta til no.

Laster Twitter-innhold

Og i dag feirar han 70 år med å boikotte tungvektaren Washington Post. Blir han vald, vil han bli den eldste nyvalde president nokosinne.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt