Hopp til innhold

Trump får utnemne ny dommar til høgsterett

Den amerikanske høgsterettsdommaren Anthony Kennedy pensjonerer seg. Det betyr at president Donald Trump får utnemne endå ein dommar til den øvste domstolen i USA.

Anthony Kennedy

GÅR AV MED PENSJON: Høgsterettsdommar Anthony Kennedy (t.h.) har varsla at han kjem til å pensjonere seg frå 31. juli. Her er Kennedy saman med Neil Gorsuch (t.v.) som vart teken i eid som dommar i april 2017.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

Kennedy vart utnemnd av den republikanske presidenten Ronald Reagan i 1987. Sidan har han kanskje vore den viktigaste av dei ni høgsterettsdommarane i USA.

I dommarpanelet er det han som politisk står i midten, og han har gitt den avgjerande stemma i fleire viktige høgsterettsdommar.

Etter 30 år som dommar i den øvste domstolen i USA, ønskjer 81 åring no å gå av med pensjon frå 31. juli.

– Han er ein spektakulær mann, og ein eg har stor respekt for, sa Trump om Kennedy like etter kunngjeringa.

Laster Twitter-innhold

Lista er klar

At Kennedy pensjonerer seg, betyr at høgsterett vert delt mellom fire liberale dommarar, utnemnde av demokratiske presidentar, og fire konservative dommarar, utnemnde av republikanske presidentar.

Donald Trump

Donald Trump har allereie ei liste med moglege etterfølgjarar klar, når høgsterettsdommar Anthony Kennedy pensjonerer seg i juli.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters

Ifølgje Trump skal han ha diskutert nokre potensielle etterfølgjarar med Kennedy, men han vil ikkje seie kva namn som vart nemnde.

Prosessen med å erstatte Kennedy skal starte umiddelbart, sa Trump.

Presidenten sa òg at han kjem til å velje frå ei liste med 25 namn, som er til vurdering. Han har lenge varsla at han alt har ei liste med konservative dommarar klar.

Mannen i midten

– Forhåpentlegvis kjem vi til velje ein som er like framifrå som Kennedy, sa Trump.

Dette vert den andre utnemninga Trump gjer, og han får dermed setje sitt preg på retten i lang tid framover. Mykje tyder på at etterfølgjaren til Kennedy kjem til å vere endå meir konservativ.

Sjølv om Kennedy er ein konservativ dommar har han fleire gongar stemt saman med dei liberale dommaren i høgsterett. Dette gjeld både i saker om abort og homofile sine rettar.

Stemma hans var mellom anna avgjerande då USAs høgsterett i 2015 vedtok at likekjønna ekteskap skulle bli lov i alle dei 50 delstatane.

No er det høgsterettsjustitiarius John Roberts, som er langt meir konservativ enn Kennedy, som politisk sett kjem til å stå mest på midten.

Høyesterett i USA

Dei ni amerikanske høgsterettsdommarane. Nede frå venstre: Ruth Bader, Anthony M. Kennedy, John G. Roberts, Clarence Thomas og Stephen Breyer. Oppe frå venstre: Elena Kagan, Samuel Alito Jr., Sonia Sotomayor og Neil Gorsuch.

Foto: Saul Loeb / AFP

– Hykleri

Den nye utnemninga kan kunne skje raskt, ifølgje amerikanske medium. Senatet kan kome til å godkjenne ein ny dommar allereie i løpet av august.

Leiaren for republikanarane i Senatet, Mitch McConnell, seier at Senatet er klare til å stemme over ei utnemning til hausten.

Senatsleiaren til demokratane, Chuck Schumer, seier på si side at det hadde vore «toppen av hykleri» å stemme før mellomvalet.

På spørsmål om det ville vere rett for å bestemme seg for ein dommar før valet i november, svarte McConnell at «det ikkje er presidentvalet i år».

Trump, Kennedy og Gorsuch

I april 2017 vart Neil Gorsuch teken i eid som ny høgsterettsdommar. Då hadde plassen hadde stått ledig i over eitt år.

Foto: Brendan Smialowski / AFP

Meir konservativ

Då republikanarane godkjende Neil Gorsuch som høgsterettsdommar i fjor, endra dei også avstemmingsreglane. Det betyr at det er lite demokratane kan gjere for å stanse ei godkjenning denne gongen.

Med ein ny konservativ dommar på plass, kan det bety at USAs høgste rettsinstans vert meir konservativ enn på lenge. Slik kan det bli i ein heil generasjon framover.

Ekspertar meiner det er gode nyheiter for abortmotstandarar og våpentilhengjarar i USA. Mange kristne, konservative veljarar seier den aller viktigaste politiske saka for dei er å få endra abortlova frå 1973, som var resultatet av ein høgsterettsdom.

SISTE NYTT

Siste nytt