Tysdag sa Trump at drapet på den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi ikkje kjem til å føre til noko endring i USAs forhold til Saudi-Arabia.
– Det kan svært godt vere at kronprinsen hadde kjennskap til denne tragiske hendinga. Kanskje hadde han det, kanskje hadde han det ikkje, sa Trump i ei skriftleg fråsegn.
Trump seier at å øydeleggje forholdet til Saudi-Arabia ville gitt «skyhøge» oljeprisar, noko som ville «øydelagt verdsøkonomien».
Det er først og fremst USAs behov for Saudi-Arabia som bør prioriterast, meiner presidenten, og peikar på at landet er ein viktig alliert mot Iran.
– Vi bør tenke på Amerika først, seier han.
Krev ny gransking
Kommentarane frå Trump har fått fleire senatorar til å reagere, også republikanarar.
– Eg trudde aldri eg kom til å sjå at Det kvite huset skulle bli eit PR-byrå for kronprins bin Salman av Saudi-Arabia, skreiv den republikanske senatoren Bob Corker på Twitter.
Corker og demokraten Bob Menendez har sendt eit brev på vegner av utanrikskomitéen i Senatet.
Der ber dei Trump om ei ny gransking, for å «avgjere om ein utanlandsk person er ansvarleg for eit ekstraordinært drap, tortur eller andre grove brot» på menneskerettane.
Brevet frå Corker og Menendez krev eit svar innan 120 dagar.
Også senator Lindsey Graham, som står Trump nær, seier det ikkje er i USAs interesse å «sjå den andre vegen når det kjem til det brutale drapet på Khashoggi».
– Det vil vere sterk partiuavhengig støtte i Kongressen for sanksjonar mot Saudi-Arabia og medlemmar av kongefamilien deira, la han til.
Ventar på CIA-rapport
Utsegnene frå Trump kjem samtidig som CIA skal kome med si vurdering av om den mektige prinsen var direkte involvert i drapet på Khashoggi.
Trump skal, ifølgje Det kvite huset, ha blitt informert om rapporten alt i helga, men det er enno ikkje klart om rapporten blir offentleggjort.
Ifølgje fleire amerikanske medium meiner CIA at det er svært sannsynleg at kronprinsen gav ordre om drapet på Khashoggi.
Tyrkia hevdar å ha lydopptak av sjølve drapet, som dei har delt med fleire vestlege allierte. Trump seier han ikkje har noko ønske om å høyre opptaka av då Khashoggi blei drepen.