Hopp til innhold

Trump får kraftig bank for krigshelt-utspel

Donald Trump sin påstand om at partifellen John McCain, som sat fem år i fangeskap i Vietnam, ikkje kan reknast som krigshelt, har sett sinna i kok hos mange i USA.

John McCain i krigsfangeskap i Hanoi i 1967.

Ein avmagra John McCain blir undersøkt av ein nordvietnamesisk lege medan han var krigsfange i Hanoi.

Foto: Anonymous / Ap

Det var under eit valmøte nyleg i Des Moines i Iowa at den eksentriske milliardæren Donald Trump sa at McCain ikkje var ein krigshelt, fordi han berre sat i fangenskap under Vietnam-krigen. Mange har bede Trump å trekkje tilbake og orsake fråsegna, men det nektar han å gjere.

Donald Trump er ein populær presidentkandidat.

Donald Trump har erta på seg heile det politiske «establishment» i USA med fråsegnene om at John McCain ikkje kan kallast krigshelt.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Den amerikanske storavisa The Washington Post brukar mykje plass på dei to presidentkandidatane frå Det republikanske partiet i dag, blant anna ved å trekkje fram kva Donald Trump gjorde heime i USA, medan McCain sat i ei trong fengselscelle i Hanoi i det dåverande Nord-Vietnam.

Store kontrastar

«Det var våren 1968 og Donald Trump hadde det godt. Han var 21 år gammal, såg godt ut og hadde masse hår på hovudet. Han slapp å bli innkalla til teneste i Vietnam, og han var på god veg til å få sin avgangseksamen på eit Ivy League-universitet. Han var glad i fine middagar, vakre kvinner og tvilsame klubbar. Det viktigaste av alt var at han hadde ein god jobb i eigedomsselskapet til faren», heiter det i avisa.

– Då eg gjekk ut av college, hadde eg ei nettoformue på rundt 200.000 dollars, skriv Trump i sjølvbiografien sin «Trump: The Art of the Deal» frå 1987. Det er om lag 1,4 millionar dollars i 2015-pengar, skriv Washington Post.

Senator John McCain.

John McCain sjølv meiner Trump bør orsake seg overfor familiane til alle amerikanske krigsfangar.

Foto: YURI GRIPAS / Reuters

På den andre sida av verda, i ei lita og skiten celle i fengselet som dei amerikanske fangane galgenhumoristisk kalla Hanoi Hilton, prøvde John McCain å kome til hektene igjen. Piloten hadde alvorlege skadar etter at flyet hans vart skote ned under eit bombetokt, og forma var dårleg etter fleire månader med lite mat, tortur og elendig medisinsk behandling.

– Jublende Trump-tilhengere var innleide skuespillere

Trump: – Eg skal gjere Amerika fantastisk igjen

– Sterke reaksjonar

Medan Trump var klar til å kaste seg inn i eigedomsmarknaden på Manhattan, prøvde McCain å lære seg å gå igjen, skriv avisa.

Alle dei andre republikanske presidentkandidatane har reagert sterkt på fråsegnene til Donald Trump, men John McCain sjølv seier at han ikkje treng ei orsaking. Han seier likevel at Trump bør orsake til familiane til alle amerikanske soldatar som har vore krigsfangar.

John Kerry

Utanriksminister John Kerry er ikkje i tvil om at John McCain kan kallast ein ekte krigshelt.

Foto: POOL / Reuters

Også utanriksminister John Kerry, som står langt frå John McCain politisk, har gått ut med støtte til den politiske ringreven og marinemannen. Også John Kerry tenestegjorde i Vietnam-krigen.

Neil Young hardt ut mot Donald Trump

– Noko skurrar på Facebooksida til Donald Trump

– Mot og karakter

– John McCain er ei helt, ein mann med mot og karakter. Han gjekk gjennom ubeskriveleg tortur utan å gi etter. Dei braut beina hans, men dei greidde ikkje å øydeleggje kampviljen. Det er heltemot, enkelt og greitt, og det er udiskutabelt, sa Kerry blant anna.

– Dersom Trump ikkje synest at det er heltemodig, kva meiner han skal til?, la han til.

Meiningsmålingar dei siste dagane viser at Donald Trump har ei klar leiing i kampen om å bli Det republikanske partiet sin presidentkandidat. Men målingane er tekne opp før talen i Iowa, så det blir spennande å sjå kva fråsegnene om McCain vil få å seie for oppslutninga hans vidare.

SISTE NYTT

Siste nytt