Hopp til innhold

Republikanarane gjer narr av Trump

– Det er ikkje den dummaste ideen eg har høyrt, men det kjem ganske nært, seier senator Lindsey Graham om Trump sitt forslag om å samarbeide med russarane mot hacking.

Trump og Putin

Vladimir Putin og Donald Trump hadde verdas auge på seg då dei fredag møttest for første gong, i samband med G20-toppmøtet i Hamburg.

Foto: Evan Vucci / AP

Responsen var ikkje nådig, verken frå presidentens eigne partifellar eller frå Demokratane, etter at Trump søndag annonserte at noko av det han diskutere fredag med Russlands president Vladimir Putin var ei felles eining mot cyberangrep.

Det kom fleire samanlikningar med bukken som passar havresekken, den kraftigaste frå senator Marco Rubio:

– Å samarbeide med Putin om ei eining mot hacking er som å samarbeide med Assad om ei eining mot kjemiske våpen, skriv Rubio syrleg på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Når det gjeld Putin manglar han gangsyn

Først søndag letta Trump på sløret om det som var hans første møte ansikt til ansikt med Putin, i ein straum av innlegg på Twitter.

– Det er på tide å kome seg vidare og å samarbeide konstruktivt med Russland, skriv Trump, og legg til at han har diskutert å opprette ei felles eining for cyber-tryggleik med den russiske presidenten.

Lindsey Graham

Det er ikkje første gong den moderate republikanaren Lindsey Graham kritiserer presidenten.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Senator Graham peikar på at dette kjem svært uheldig ut for Trump, som saman med sin stab allereie er under etterforsking for sine koplingar til Russland.

– Eit to timar og femten minutts møte, og Tillerson [den amerikanske utanriksministeren] og Trump er klare til å gløyme og tilgi hackingen av det amerikanske valet i fjor haust, sa Graham søndag på NBC-programmet «Meet the press».

Å gløyme og tilgi når det gjeld Putin og hacking er å styrke Putin.

Lindsey Graham (R)

– Han gjer ein god jobb i Afghanistan, Nord-Korea og mot IS, men når det gjeld Russland har han dårleg gangsyn. Å gløyme og tilgi når det gjeld Putin og hacking er å styrke Putin, og det er akkurat det han gjer, seier Graham, som omtalar Russland som ein fiende av demokratiet.

CIA-sjefen: – Han gir etter for Putin

Sjølv om eit samla etterretningsmiljø i USA i januar konkluderte med at Putin sjølv var involvert i forsøket på å påverke det amerikanske valet, har Trump ikkje ville gått med på dette.

– Det kan ha vore kven som helst, sa han då han fekk spørsmål om dette under sitt besøk i Polen torsdag.

John Brennan

John Brennan, tidlegare CIA-direktør. Han gjekk i bresjen for eit samla etterretningsmiljø som åtvara presidenten mot russisk innblanding i valet.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Noko som forargar CIA-sjef John Brennan, sjølv om det ikkje er første gong etterretninga og presidenten ikkje er på same side.

– Han gir Putin sjansen til å peike på svikt i den amerikanske etterretninga. I mi meining gav han etter, sa Brennan, også på «Meet the Press».

Er det ei ære å møte individet som utførte eit angrep mot valet vårt? I mine auge er det ein ærelaus ting å seie.

John Brennan, tidlegare CIA-direktør

Brennan stiller seg tvilande til at Trump verkeleg har pressa Putin når det gjeld denne saka, som han sjølv hevdar på Twitter. Han reagerer også på at Trump kallar det ei ære å møte sin russiske motpart.

– Er det ei ære å møte individet som utførte eit angrep mot valet vårt? I mine auge er det ein ærelaus ting å seie.