– På grunn av eineståande etterspurnad flyttar vi salsdagen for alle format av boka «Fire og fury» av Michael Wolff, til fredag 5. januar, seier ein talsmann for Henry Holt til CNN.
Dette er fire dagar tidlegare enn planlagt.
- Les også:
Tidleg fredag morgon går den amerikanske presidenten ut mot boka og forfattar Wollf. På Twitter skriv Trump at han ikkje ga Wollf nokon tilgang til Det kvite huset, og at han heller aldri snakka med forfattaren.
– Full av løgner, feilrepresentasjonar og kjelder som ikkje eksisterer, skriv Trump vidare om boka.
Vil stanse boka
Endringa av salsdatoen skjer berre timar etter at ein av Trumps advokatar, Charles J. Harder, sende eit brev til forlaget og kravde at boka ikkje blir gitt ut.
Forfattaren bak «Fire og fury», Michael Wolff.
Foto: Carolyn Kaster / APIfølgje The Washington Post var brevet eit varsel om eit mogleg søksmål mot forfattaren Michael Wolff og sjefen for forlaget Henry Holt and Co. Harder hevdar at boka inneheld falske og grunnlause påstandar om presidenten.
Trump har også truga med søksmål mot den tidlegare valgkampleiaren, sjefstrategen Steve Bannon, som er blant dei som rettar kraftig kritikk mot Trump og familien hans i boka.
I staden for å stoppe boka, skjer no det motsette.
– Du kan kjøpe den (og lese den) i morgon. Takk Herr President, skriv forfattaren sjølv på Twitter.
- Urix forklarer:
På topp hos Amazon
Pressetalskvinne Sarah Sanders under pressekonferansen torsdag.
Foto: Carlos Barria / ReutersPressetalskvinne for Det kvite huset i Washington, D.C., Sarah Sanders kallar boka for «fantasi».
Under ein pressekonferanse torsdag, understreka ho samtidig at det er Trump sjølv som vil stanse boka, ikkje regjering i USA. Sanders forsikra også at presidenten er tilhengar av ytringsfridom.
Boka er allereie nummer 1 på Amazon, noko som betyr at fleire tusen har bestilt boka på førehand. Det er ikkje sagt når desse bøkene kjem til å bli leverte.
– Bannon svekka
Oppgjeret mellom Trump og Bannon tyder ingen vesentleg svekking av Trump, meine USA-kjennar Jan Arild Snoen. Han meine derimot at Bannons politiske innverknad er sterkt svekt.
– Bannon er blitt meir og meir isolert, og han er langt frå så mektig som før. I valet mellom Bannon og Trump, så vel nesten alle Trump, seier Snoen til NTB.
Bannon fekk i fjor sparken frå Det kvite hus etter sju månader.
Trump og Bannon var tidlegare venar og nære medarbeidarar. No er tonen ein annan.
Foto: CARLOS BARRIA / Reuters