Hopp til innhold

Trump beklagar til Kavanaugh på vegner av USA

USAs president Donald Trump meiner at behandlinga av den nye høgsterettsdommaren har vore urettferdig og uverdig.

USAs president Donald Trump mener at behandlingen av den nye høyesterettsdommeren har vært urettferdig og uverdig.

USAs president Donald Trump mener at behandlingen av den nye høyesterettsdommeren har vært urettferdig og uverdig.

– Dette er verkeleg ei svært viktig hending, sa USAs president Donald Trump då han natt til tysdag, norsk tid, heldt ein halvtimes seremoni i Det kvite hus for den nyvalde høgsterettsdommaren Brett Kavanaugh.

Den 114. høgsterettsdommaren fekk laurdag så vidt fleirtal i Senatet medan demonstrantar protesterte utanfor. Søndag vart han teken i eid i ein lukka seremoni i høgsterettsbygget i Washington D.C.

Under den offisielle seremonien natt til tysdag stilte Kavanaugh med kone og to døtrer og gav sitt løfte på ny.

Sjå Trump og Kavanaugh tale under innsetjingsseremonien i Det kvite hus.

Beklaga smerte og liding

USAs president Donald Trump tok ordet først og beklaga til høgsterettsdommar Brett Kavanaugh og familien hans for «den forferdelege smerta og lidinga dei har blitt tvinga til å gå gjennom» den siste tida.

– Dei som vil tene landet fortener å bli behandla skikkeleg. Det som har skjedd med denne familien har vore urettferdig og uverdig. I vårt land må ein bli sett på som uskuldig heilt til det motsette er bevist, sa Trump under innsetjingsseremonien.

– Uskuldig

Han understreka at Kavanaugh i høyringa er blitt funne uskuldig i skuldingane om seksuell trakassering og forsøk på valdtekt medan han var student på 80-talet.

– Vi ber Gud velsigne dommaren og hans familie når dei no legg ut på denne reisa, sa Trump før Kavanaugh med handa på Bibelen vart teken i eid, omkransa av familien og presidenten.

Ikkje bitter

I sin tale takka Kavanaugh Trump, familien og alle sine støttespelarar.

Han vedgjekk at godkjenningsprosessen i Senatet var omstridd og kjenslefull, og at han har blitt testa, men la vekt på at han går inn i arbeidet med takksemd og utan bitterheit.

– Eg vil vere ein god dommar for rettferd og for heile Amerika. Folk kan vere sikre på at eg vil lytte med eit ope sinn, og vere ein uavhengig og upartisk dommar, sa Kavanaugh.

I sin tale takket Kavanaugh Trump, familien og alle sine støttespillere.

I sin tale takket Kavanaugh Trump, familien og alle sine støttespillere.

SISTE NYTT

Siste nytt