NRK Meny
Normal

Trump avviser at Kennedy skal leie vaksine-utval

Trump-administrasjonen avviser påstanden frå Robert Kennedy jr. om at Trump har bede han leie eit utval som skal vurdere vaksinetryggleik og vitskapleg integritet.

Robert Kennedy jr.

Robert Kennedy jr. snakkar med journalistar etter møtet med Donald Trump i Trump Tower i New York i dag.

Foto: Timothy A. Clary / AFP

Det var i går kveld norsk tid at vaksine-skeptikaren Robert Kennedy jr. sa at Donald Trump bad han om å leie eit slikt utval, og at han hadde sagt seg villig. No seier Trump-administrasjonen at Kennedy ikkje er tilboden ei leiarrolle, og at utvalet ikkje skal ha vaksinar som tema, men autisme.

Sterke reaksjonar

Meldinga i går kveld vekte sterke reaksjonar på sosiale medium i USA, der det har vore steile frontar i vaksinedebatten. Mange meiner Kennedy ikkje er vaksine-skeptikar, men vaksine-fornektar.

Kennedy jr. er sonen til tidlegare justisminister Robert Kennedy, som vart skoten og drepen under eit valkamparrangement i Los Angeles 6. juni i 1968.

Robert Kennedy jr. skal ha sagt at han trur at vaksinering av born kan føre til autisme, og han har kjempa for å gi foreldre sjansen til å ikkje å vaksinere borna sine. Påstandane blir avvist at vitskapsfolk, som meiner dei for lengst har motbevist denne teorien.

Andre igjen meiner at Kennedy ikkje er motstandar av vaksinar generelt, men at han er skeptisk til at små born får så mange vaksinar. I mange statar opp til 25 vaksinar før dei er to år.

– Bad meg leie ein kommisjon

Donald Trump

Donald Trump er også skeptisk til MMR-vaksinen.

Foto: Evan Vucci / AP

Likevel har teorien støtte i mange miljø, og Robert Kenney jr., som også er kjend som ein ivrig miljøvernar, har vore faneberar for den omstridde ideen. Den påtroppande presidenten har også tvil om kor nyttig det er med vaksine.

– Donald Trump har ein del spørsmål rundt den gjeldande vaksinasjons-politikken. Han bad meg om å leie ein kommisjon som skal sjå på spørsmåla om tryggleiken ved vaksinar og vitskapleg integritet, sa Kennedy etter eit møte med Trump i New York tysdag kveld norsk tid.

Robert Kennedy, som fyller 63 år komande veke, er den tredje eldste av borna til Robert og Ethel Kennedy. Han er utdanna jurist frå Harvard og i økonomi frå London School of Economics.

Han har vore aktuell til å stille som kandidat for Det demokratiske partiet til delstatsforsamlinga i New York, men han har ikkje gjort det. Mykje tyder på at han har gitt opp tanken om ein politisk karriere.

Laster Twitter-innhold

– Disse må bli flinkere til å vaksinere seg

Europa er eksportør av meslinger

Teorien motbevist

I dag er han styreleiar i organisasjonen Waterkeeper Alliance, som arbeider for å sikre og vidareutvikle vassforsyninga over heile verda. Han er også radiovert i programmet Ring of Fire, som blir sendt over heile USA

Påstanden om at MMR-vaksinen skulle føre til autisme, vart fremja av den britiske legen Andrew Wakefield i det medisinske tidsskriftet The Lancet i 1998. Studien hans vart motbevist av andre forskarar, og The Lancet vedgjekk at artikkelen aldri burde ha vore publisert.

Wakefield miste legelisensen i 2010.

Mange som likevel trur på samanhengen mellom vaksine og autisme har droppa vaksinen, og Verdas helseorganisasjon (WHO) har registrert ein sterk auke i utbreiinga av særleg meslingar.

Viruset som kom tilbake

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt