Hopp til innhold

Trump avviser å ha brukt valkampmidlar til å betale pornostjerne

USAs president Donald Trump seier at avtalen med pornoskodespelaren Stormy Daniels vart gjort for å få slutt på dei falske påstandane om at dei to hadde hatt eit forhold, og at han betalte med private pengar.

Donald Trump avviser igjen at han har hatt eit forhold til pornoprofilen Stormy Daniels, eller Stephanie Clifford som ho eigentleg heiter.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Trump skriv på Twitter at avtalen er i full effekt. Han karakteriserer påstandane frå Stormy Daniels som pengeutpressing. Han presiserer at avtalen med pornostjerna var av privat karakter, og at han ikkje brukte pengar frå valkampmidlane.

Trump har tidlegare nekta for at han kjende til utbetalinga til Stormy Daniels, men han står fast ved at dei to aldri har hatt eit seksuelt forhold.

– Skreiv under

Presidenten minner også om at Stormy Daniels, eller Stephanie Clifford som er det rette namnet hennar, har skrive under på at påstandane om at ho hadde hatt eit forhold til Trump, var falske.

Laster Twitter-innhold

Donald Trump brukar fleire Twitter-meldingar torsdag morgon Washington-tid for å få fram det han meiner. Han skriv blant anna at den private avtalen mellom dei to var av ein type som er vanleg blant kjendisar og velståande menneske.

Rudy Giuliani

Rudy Giuliani, tidlegare borgarmeister i New York, arbeider no som advokat for Donald Trump.

Foto: Evan Vucci / AP

Advokaten til Trump, Rudy Giuliani, sa i går at Trump hadde betalt tilbake 130.000 dollars som advokaten Michael Cohen betalte til Daniels. Fleire juristar meiner betalinga må oppfattast som eit ulovleg valkampbidrag, sidan det skjedde like før valet.

Dei meiner at betalinga må oppfattast som eit valkampbidrag, dersom hensikta var å bidra til at Trump vart valt til president.

Jusprofessor Richard L. Hasen ved Universitetet i Irvine i California seier dette om avsløringa om utbetalingane til Stormy Daniels:

– Det viktigaste er at dette undergrev argumentet om at Cohen handla åleine. Presidenten er direkte implisert.

Utsetter Stormy Daniels-rettssak 90 dager

Pornoskuespiller saksøker Trump for injurier

Trump-advokat: – Trump betalte Cohen tilbake Daniels-utbetaling

Oppheving av teieplikt

Clifford/Daniels har saksøkt Donald Trump for ærekrenking. Ho har fortalt at ho hadde sex med Donald Trump i 2006, og at Michael Cohen betalte henne 130.000 dollars berre nokre få dagar før valet i 2016, for å få henne til å halde kjeft.

Her måtte ho signere ein avtale om ikkje å snakke om det, og ho prøvar no å få oppheva denne teieplikta.

Donald Trump startar ofte arbeidsdagen med å leggje ut meldingar på Twitter.

SISTE NYTT

Siste nytt