Sjefen for nordflåten, Mikhail Motsak, sa at flesteparten av mannskapet i den fremste delen av ubåten truleg omkom momentant, då ulukka skjedde for ei veke sidan.
Han trur også det er lite sannsynleg at resten av mannskapet er i live, fordi den kritiske gensa for å overleve no er kryssa.
Visestatsminister Ilya Klebanov sa på ein pressekonferanse i kveld at sjansane for å finne overlevande no er reint teoretiske.
Han sa at majoriteten av mannskapet omkom i løpet av dei to første minutta etter det som truleg var ein eksplosjon i fremste delen av ubåten. Deretter vart delar av ubåten fylt av vatn, noko som tok livet av endå fleire av dei som var om bord, sa visestatsministeren.
Stabssjefen for den russiske marinen, Mikhail Motsak, sa i kveld at ein britisk ubåt kunne ha kollidert med "Kursk" sist laurdag, og at dette kan vere årsaka til katastrofen.
-Ulukka skjedde i eit område der britiske u-båtar ofte opererer på overvakingsoppdrag. Difor kan vi ikkje utelukke at ein britisk ubåt forårsaka ulukka, sa Motsak.
Det britiske forsvarsdepartementet var raskt ute med å avvise at ein britisk ubåt har vore innblanda i ein kollisjon med "Kursk".