Får utsetting, men trugar med nyval

BRUSSEL/OSLO (NRK): Dimitris Stratoulis, visesosialminister, og ein del av venstrekoalisjonen i regjeringspartiet Syriza seier at dei kan lyse ut tidleg nyval om kreditorane ikkje lempar på krava.

Grexit

SPENT SITUASJON: Vert det Grexit eller ikkje, er det store spørsmålet.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Dimitris Stratoulis, visesosialminister frå Syriza

TRUGAR MED NYVAL: Dimitris Stratoulis, visesosialminiser, vil ikkje gå med på krava som troikaen har stilt Hellas for å få ytterlegare lån.

Foto: Syriza

– Långivarane vil påtvinge oss harde tiltak. Om dei ikkje trekker denne utpressingspakka vil regjeringa måtte finne alternative løysingar, val, sa Stratoulis til nyheitsbyrået Reuters fredag.

Hellas klarte i ellevte time å utsette betalinga på 300 millionar euro som var til forfall i dag, og har fått godkjenning av Det internasjonale pengefondet (IMF) til å betale dette saman med dei 1,5 milliardane dei skal betale innan utgangen av juni. I ettermiddag skal statsministeren orientere det greske parlamentet om vegen vidare. Så langt avviser både han og finansminister Varoufakis at eit nyval er på trappene.

Eit splitta Syriza

Ein av statsminister Alexis Tsipras sine store utfordringar har ikkje berre vore å selje dei tøffe krava dei eventuelt må gå med på til dei greske veljarane, men også til venstrefløya i eige parti. Desse har vist seg lite kompromissvillige, og er villige til å forkaste kvar ein avtale som kryssar dei ideologiske røde linjene deira når det gjeld rettane til arbeidarar og pensjonistar.

Fare for Grexit

FARE FOR GREXIT: Stor uvisse er knytt til om det vert ein såkalla Grexit, og kva dette vil føre til.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Syriza har eit knapt fleirtal i parlamentet, så eit opprør frå venstrefløya kan koste Tsipras regjeringsmakta. Det har heilt sidan dei vann regjeringsmakta for fire månader sidan vore spenning knytt til det ferske partiet som eigentleg er ein koalisjon av venstre- og venstreradikale parti, frå sosialdemokratar til kommunistar.

Brått fekk kreditorane ein meir uforutsigbar gresk statsminister å forhalde seg til. Det er første gong Syriza sit ved makta, og mange har spurt seg kor lenge dei ville klare å styre, og kor mykje dei ville måtte fire på dei ambisiøse valløftene. Partiet har også vore svært skeptiske til det greske medlemskapen i eurosona.

Ein tøff økonomisk situasjon

Halvparten av grekarane vil få på plass ein avtale med kreditorane, og tre av fire vil bli i eurosona, ifølge ei fersk meiningsmåling gjengitt av Reuters. Ifølge The Guardianer knytt stor uvisse til kva ein gjeninnføring av drakmen vil føre med seg. Ein gresk utgang av euroen, ein såkalla Grexit, vil uansett vere eit nederlag for dei andre eurolanda, og euroen og EU som politisk prosjekt. IMF-sjef Christine Lagarde skal likevel ha uttalt sist veke til ei tysk avis at grexit er ein moglegheit, men skal seinare ha trekt kommentaren tilbake.

Hellas har dei siste åra måtte tole kraftige innstrammingar og tøffe budsjettkrav, og arbeidsløysa har lenge låge rundt 25 prosent, og vesentleg høgre for dei unge. Mange grekarar har teke ut det dei har i banken, som har ført til at bankane har det lågaste innskotet dei har hatt på ti år. Trass billig olje og ein svakare euro har Hellas falt tilbake i resesjon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt