– Mistanke om sprengladningar på tomta

Ein mann er pågripen etter å ha truga med å detonera ei bombe ved ein gard i Bohuslän i Sverige. Politiet finkjemmer no området for sprengladningar.

Bombetrugsmål ved Dingle i Bohuhslän

Svensk politi si bombegruppe, brannmannskap og ambulansepersonell er på plass i Dingle i Bohuslän, der ein mann har fremja bombetrugsmål.

Foto: Robert Betzehag/TT / NTB scanpix

Saka blir oppdatert.

Mannen fremja trugsmål om at han ville sprengja ei bombe dersom nokon nærma seg staden han hadde barrikadert seg på - ved Holma gard i Bärfendal i Bohuslän.

Han blei pågripen av politiet rundt klokka 21 og vil bli avhøyrt innan kort tid, ifølgje den svenske lokalavisa Bohusläningen.

Skarpt oppdrag

Ingen kom til skade under det politiet omtalar som eit skarpt oppdrag.
Politi, beredskapstropp, bombeteknikarar, hundepatrulje, ambulanse og brannmannskap er på staden.

Ifølgje politiet sin pressetalsmann Christer Fuxborg var det første forsøket på å få telefonkontakt med mannen mislukka. Dei slo til då han kom ut frå eitt av bygga på tomta.

– Dei fekk ein moglegheit og vurderte at mannen kunne pågripast. Det heile skjedde utan dramatikk. No håpar me at mannen er samarbeidsvillig i avhøyr, opplyser Fuxborg.

Folk som bur i nærleiken av garden vart evakuerte og det er etablert ein samlingsplass for alle som er råka. Eit område på fleire hundre meters radius med fleire bygg og hus er framleis sperra av grunna eksplosjonsfare. Politiet gjennomsøkjer no området.

– Har 20 kilo eksplosiv

Mannen er ikkje ein tidlegare kjenning av politiet.

Han skal ha fortalt om planane sine til ein privatperson som varsla politiet. Politiet identifiserte raskt mannen og seier han har kunnskap om og tilgang til sprengstoff.

Mannen er i 50-åra, har tilgang på 20 kilo eksplosiv, truleg dynamitt, og det er mistanke om at han har plassert ut fleire sprengladningar på tomta si, ifølgje ei kjelde med innsyn i etterforskinga som Aftonbladet har snakka med.

Politiet stadfestar at dette er ei hypotese som dei jobbar etter.

– Korleis han skal setja i live trugselen sin veit me ikkje. Det er mistanke om at han har plassert ut ei form for sprengladning, fortel Christer Fuxborg, pressetalsmann i Västra Götaland politidistrikt.

Motivet hans er førebels ukjent.

– Han har ikkje retta trugsmålet mot nokon, men me har gjort ein del research rundt denne personen og fått informasjon som gjer at me tek dette på største alvor, seier Fuxborg.

Laster kart, vennligst vent...

Mannen skal barrikaderte seg på ein gard i Bohuslän, Sverige.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt