Det vekte stort oppstyr på al-Sahaf sin pressekonferanse i Bagdad i ettermiddag då han trua dei amerikanske styrkane med eit ikkje-konvensjonelt angrep. Alle rekna med at han snakka om bruk av ikkje konvensjonelle våpen, altså biologiske eller kjemiske våpen.
Iraks informasjonsminister Mohammed Saeed-al Sahaf.
Martyraksjon
På direkte spørsmål sa han at det ikkje er snakk om masseøydeleggingsvåpen, men at angrepet meir vil vere ein slags martyraksjon, eit uttrykk som blir brukt om sjølvmordsaksjonar.
Han sa at angrepet ikkje treng å vere av militær karakter, og gjorde det klart at det er mange måtar å gjennomføre slike angrep på.
Det blir spekulert i om irakiske soldatar vil bruke sivile som levande skjold i eit angrep på dei amerikanske styrkane på flyplassen.
Amerikanarane sender no forsterkingar til flyplassen. Det er uklart kor store styrkar som blir sende til flyplassen, men meldingar i kveld går ut på at fleire hundre soldatar skal vere på veg. Det er uklart om dei kjem luftvegen eller landevegen.
Omringa
- Dei amerikanske soldatane på flyplassen er omringa. Den einaste sjansen dei har til å overleve er å overgi seg, sa informasjonsministeren.
Sahaf viste til slaget ved Dien Bien Phu i 1954, eit slag som påførte Frankrikes krigsmakt i Frankrike eit alvorleg nederlag, og som førte til at dei franske styrkane vart trekte ut av landet.
Mohanned Saeed-al Sahaf sa også at dei amerikanske styrkane er på "ei isolert øy", der dei er fullstendig omringa av irakiske soldatar.
Han sa også at soldatar frå Republikanargarden hadde vore i kamp med amerikanske styrkar ved Abu Gharib nord for Bagdad. Dei irakiske soldatane øydelagde seks stridsvogner og tre pansra personellkøyrety. Også styrkane ved Abu Gharib er isolerte og omringa, sa informasjonsministeren på ein pressekonferansen i ettermiddag.
Store tap
Han fortalde også at irakiske styrkar hadde jaga amerikanske og britiske styrkar ut av byen Falluja vest for Bagdad. Han la til at ein styrke beståande irakiske stammemedlemer, friviljuge frå Baath-partiet og Saddams Fedayen-styrke påførte dei amerikanske styrkane mellom Kerbala og hovudstaden store tap.
Informasjonsministeren hevda også at ved byen Al-Kut lenger sør har dei irakiske styrkane øydelagd ni amerikanske stridsvogner og eit pansra personelløyrety.
Desse opplysningane er ikkje stadfesta av andre kjelder.