Hopp til innhold

Truar med å drepe 23 gislar

Taliban i Afghanistan seier dei vil starte å drepe dei 23 sørkoreanske gislane søndag ettermiddag.

Demonstrasjonar i Seoul til støtte for gislane i Afghanistan.

Det var i går kveld store demonstrasjonar i Seoul med krav om at dei 23 gislane i Afghanistan må setjast fri.

Foto: LEE JIN-MAN / AP

Ein talsmann for den islamistiske Taliban-rørsla sa på telefon frå ein ukjent stad i går ettermiddag at dersom ikkje 32 fengsla Taliban-opprørarar vart sette fri innan klokka 16.30 norsk tid søndag, byrjar dei å drepe sørkoreanarane.

Dei 23 sørkoreanarane er alle kristne hjelpearbeidarar som vart tekne til fange då dei reiste i buss mellom Kandahar og Kabul sist torsdag. Eit fleirtal av dei skal vere kvinner.

Koreanarane er alle i alderen 20 til 30 år. Det er klart at dei er kristne friviljuge hjelpearbeidarar i Afghanistan.

Styresmaktene i Sør-Korea seier dei vil prøve å få i gang direkte forhandlingar med Taliban for å få gislane sette fri.

- Kidnapparane må setje sørkoreanarane fri uskadde så fort som mogleg. Tap av menneskeliv må ikkje skje, sa president Roh Moo-Huyn i ein tale på sørkoreansk fjernsyn i dag. Han la vekt på at alle dei bortførde er sivile som var engasjert i hjelpearbeid.

Seinare ringde Moo-Huyn til Afghanistans president Hamid Karzai for å be om hjelp frå afghanske styrsmakter.

 

Vil drepe 23 hjelpearbeidarar

Dei 23 sørkoreanarane var om bord i denne bussen då dei vart bortførde tidlegare denne veka.

Foto: Musadeq Sadeq / AP

 

SISTE NYTT

Siste nytt