Frå bygginga av eit anlegg for riking av uran i Kumhoi i Nord-Korea. (Foto: AP/Scanpix)
Det er det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap som har fanga opp meldingane frå KCNA.
Mobilisering
- Vi har teke alvorlege steg for å auke våre lager av kjernefysiske våpen, og vi er budde på at mobilisere all vår militære styrke mot provoserande framferd frå fienden, heiter det i meldinga.
Dette er første gongen regimet i Pyongyang seier at landet har auka sin kjernefysiske kapasitet. Sist veke vart det sagt at landet vurderer ein auke i våpenarsenalet, for å oppretthalde maktbalansen i det austlege Asia, og for å hindre eit amerikansk angrep.
Det er ulike oppfatningar av kva ein skal leggje i denne siste fråsegna frå det stalinistiske dikaturet Nord-Korea. Det kan vere rein indremedisin, for å sikre oppslutnad om regimet.
Propaganda
Det er kjent at styresmaktene i Nord-Korea brukar trusselen om eit militært angrep frå USA for alt det er verd i propagandaen som er retta mot eigne innbyggjarar.
Politiske observatørar ser på regimet i Pyongyang som ei gåte. Ingen veit kva som går føre seg i maktapparatet under president Kim jong-Il, og mange er ikkje ein gong sikre på at landet har atomvåpen.
Ein del ekspertar meiner at Nord-Korea berre brukar atomtrusselen for å oppnå fleire fordelar i forhandlingane med Sør-Korea, USA, Russland, EU og Japan.
Andre igjen meiner at landet verkeleg har slike våpen, iallefall den teknologien som skal til for å framstille dei.
Nord-Korea trekte seg nyleg frå seksnasjonars-samtalane, etter at landet i februar for første gong vedgjekk at dei hadde atomvåpen.
Condoleezza Rice
Fråsegna frå Nord-Korea i dag kom eitt døgn etter at USAs utanriksminister Condoleezza Rice sa at USA og landet sine allierte i Asia, måtte finne måtar å forhalde seg til Nord-Korea på, om ikkje landet kjem tilbake til forhandlingsbordet.
USA har sagt at landet kan ta saka til Tryggingsrådet i FN, om ikkje Nord-Korea vil forhandle, men Rice presiserte at det ikkje er aktuelt med eit militært angrep.