Hopp til innhold

Trua med å sprenge stasjonen – mann skoten av politiet

Politiet i Malmö har skote og såra ein mann som oppførte seg truande inne på sentralstasjonen i byen. Politiet etterforskar saka som mogleg forsøk på terror.

Politiet i Malmö har skote og såra ein mann som oppførte seg truande inne på sentralstasjonen i byen. Dei fryktar at det kan vere fleire bomber inne på området.

Politiet i Malmö har skote og såra ein mann som oppførte seg truande inne på sentralstasjonen i byen.

Det var klokka 10.10 i dag at politiet fekk melding om mannen. Dei rykte ut med store mannskap. Ifølgje SVT . Politiet presiserer at sjølv om dei etterforskar saka som terror, så er det ikkje noko i etterforskinga hittil som stadfestar at det er snakk om forsøk på terror.

Fleire vitne har fortalt at mannen som vart skoten, først trua med å sprenge stasjonen i lufta. Han hadde fleire vesker på seg, men det er uklart om han verkeleg hadde ei bombe.

– Skaut truande mann

Skyting i Malmö.

– Hit, men ikkje lenger, signaliserer ei politikvinne utanfor sentralbanestasjonen i Malmö.

Foto: Tt News Agency / Reuters

– Politiet har skote ein truande mann inne på sentralstasjonen. Mannen er såra, seier politiet sin pressetalsmann Calle Persson. Han fortel at alle tilgjengelege politipatruljar er på plass, og det er også den nasjonale bombegruppa.

Den skotne mannen er teken til sjukehus med ambulanse. Det er uklart kor alvorleg såra han er, men politiet stadfestar at han er i live. Dei har seinare opplyst at mannen vart skoten i begge beina. Mannen er ikkje identifisert, blir det opplyst.

Politiet fryktar at det er plassert ei bombe inne i glasdelen av stasjonen. Dei har lokalisert ein gjenstand som kan vere ei bombe, men dei veit enno ikkje om mannen verkeleg har hatt ein sprengladning med seg.

Calle Persson seier at dei har tømt stasjonen for folk, og at dei ber alle om å halde seg unna stasjonsområdet.

Skyting på Malmö sentralstasjon.

Politiet har skote ein manns om oppførte seg truande inne på Malmö sentralstasjon i føremiddag. Dei fryktar at det er ei bombe inne på stasjonen.

Foto: Natalia Medic / SVT
Skyting i Malmö.

Politifolk utanfor Sentralbanestasjonen i Malmö. Bombegruppa arbeider inne på stasjonen.

Foto: Tt News Agency / Reuters

På ein pressekonferanse i ettermiddag sa innsatsleiaren i politiet, Per Olof Söyseth, at saka blir etterforska som eit terrorbrotsverk.

– Så lenge vi ikkje kan sjå bort frå det, så arbeider vi ut frå at det er terror, sa han blant anna. Han fortalde også at bombegruppa har sprengt ein gjenstand inne på stasjonen, men at det truleg ikkje var ei bombe.

Politiet opplyser også at dei har auka nærværet sitt på ein del stader i Malmö som følgje av hendingane på sentralbanestasjonen.

– Høyrde smell

Lotta Helin hadde akkurat parkert sykkelen sin og var på veg inn mot perrongen då ho høyrde smell.

– Eg tenkte først ikkje så mykje på det, men så snudde eg meg og såg ei kvinne som såg heilt sjokkert ut. Og då såg eg massevis av politi og ein mann som sprang rundt. eg såg at politiet skaut og at mannen fall framover, men eg var for langt unna til å sjå kvar han vart treft, seier ho til SVT.

Økonomistudenten Fernando Valerino frå Venezuela var på veg til eksamen då ein mann like ved han inne på stasjonen, brølte på engelsk: «I hage a bombe» (Eg har ei bombe), medan han skreik og slo veska si i bakken. Fernando inn i ein butikk like ved. Då han kom ut igjen nokre minutt seinare var mannen skoten av politiet.

Andre pinsedag er vanleg arbeidsdag i Sverige.

Fleire skyteepisodar

Klokka 13.15 i ettermiddag fekk politiet melding om skyting i bydelen Lorensborg i Malmö. Ein ung mann vart teken til sjukehus i ambulanse, og i ettermiddag opplyser politiet at mannen er død. Politiet trur ikkje denne skyteepisoden har nokon samanheng med det som har skjedd på sentralbanestasjonen i byen.

Også i Uppsala er det meldt om skyting i ettermiddag. Ein mann på sykkel skal ha fyrt av fleire skot før han stakk av. Det verkar ikkje som om nokon er såra, opplyser politiet. Skytinga skjedde utanfor eit vaskeri, blir det opplyst.

SISTE NYTT

Siste nytt