Hopp til innhold

Trippeldrap rystar Sverige

Dei tre personane som laurdag vart funne døde på ein parkeringsplass i Uddevalla i Sverige er drepne, stadfestar politiet. Eit titals menneske har forsøkt å storma politisperringane.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «SVT om mulig trippeldrap i Uddevalla» i nytt vindu

Det var ein morgonjoggar som like før klokka 7 laurdag morgon fekk auge på ein død mann i ein bil på ein parkeringsplass like ved sjukehuset. Då politi og ambulanse kom til staden, fann dei to andre døde personar nær bilen.

Dei døde er ikkje identifiserte. Politiet veit førebels lite om kva som har skjedd, men stadfestar laurdag føremiddag at det dreier seg om eit trippeldrap, ifølgje NTB.

Politiets teknikere undersøker åstedet for trippeldrap

Polititeknikarar undersøkjer åstaden for trippeldrapet.

Foto: BJÖRN LARSSON ROSVALL / TT / NTB scanpix

Prøvde å storma sperringar - to gonger

– No er spørsmålet korleis dei har blitt drepne, seier politiet sin pressetalsmann Christer Fuxborg til SVT.

Ingen er arresterte i samband med ugjerninga. Området rundt åstaden er sperra av og teknikarar er på plass.

Fleire personar har to gonger i løpet av føremiddagen forsøkt å storma politisperringane. Politiet svara med batongar og hundar, melder Expressen.

– Det var heilt utruleg. Folk sprang. Ein mann såg ut som om han nyleg hadde vakna og hoppa rett ut av senga. Han hadde berre kortbukser på seg, fortel eit sjokkert vitne til svenske Aftonbladet

SVT har snakka med nokre av personane som forsøkte å ta seg forbi sperringane. Dei fortel at dei ville ta seg inn for å finna ut det var folk dei hadde kjennskap til blant dei drepne.

Skal ha høyrt skot

Politiet har ikkje gått ut med opplysningar om dødsårsaka til dei tre døde, og seier dei ventar på rettsmedisinaren sin konklusjon.

Ifølgje Aftonbladet er alle drepne av skot.

Eit vitne skal ha høyrt smell ved 2-tida, medan eit anna vitne fortel om skot-lydar rundt klokka fem laurdag morgon.

– Ein låg i baksetet og dei andre to låg på gata, seier eit vitne til avisa.

Redd for å gå ut om kveldane

– Det er fælt og uhyggeleg det som har skjedd, seier Martha Karlsson, som bur i området til Expressen.

Ho blei vekt av politihelikopter og såg politisperringane frå vindauget sitt. Andre bebuarar skildrar staden som eit fredeleg villaområde, men Karlsson har ei anna oppleving.

– Det er bilar som brenn, det blir skore hol i dekk. Eg byrjar å bli vand til det, og det fristar ikkje å gå ut om kveldane lenger, seier Karlsson til den svenske avisa.

Uddevalla

SISTE NYTT

Siste nytt