Hopp til innhold

Trena nakne rekruttar på brutalt vis

Kripos sit på ein video som viser Tjostolv Moland og Joshua French leie tre soldatar gjennom brutale øvingar.

Jushua French og Tjostolv Moland utenfor rettslokalet i Kisangani, Kongo.
Foto: Kristian Aanensen / NRK

- Ambassaden i Uganda mottok videoen frå ein person som påstod at materialet var knytt til dei to nordmennene som er arrestert i Kongo, seier Ragnhild Imerslund i Utanriksdepartementet (UD) til NRK.

Dei tre deltakarane på videoen, to ugandarar og en amerikanar, skal ha blitt fortalt at dei skulle trenast opp til å få faste jobbar i vaktselskapet til Moland.

Les også: - Ville starte treningsleir for leiesoldater

Ifølgje VG består treninga av krabbing i sand full av skape skjell og balansering av ei tung jernstang over hovudet. Store delar av tida er deltakarane nakne.

Sendt til Noreg

Etter at ambassaden fekk videoen den 14 mai i år, vart den sendt til Noreg.

- For å sikre at videoen ikkje vart liggjande eller kom på avvegar, vart dent sendt i ei forsegla pakke med kurer til UD. Sidan materialet var knytt til nordmenn som er tiltalt i ei straffesak, var det viktig å sende materialet til Noreg for å få formulert eventuelle tiltak, seier Imerslund.

Ifølgje VG har den norske ambassadøren ved ambassaden i Uganda sett deler av videoen, før den vart sendt til UD i Oslo. UD overleverte videoen til Riksadvokaten, som har gitt den til Kripos.

- Vi har motteke materialet, men har sendt det vidare til Kripos som skal vurdere innhaldet, opplyser Riksadvokaten til NRK.

- Berre skodespel

VG har fått tak i eit politidokument som viser at Tjostolv Moland 9. mars skaffa seg løyve til å drive intern trening av medarbeidarar i regi av SIG Uganda. Dette var selskapet som Moland var i ferd med å etablere.

- Vi fekk beskjed om at vi skulle trygge farlege konvoiar som skulle inn i farlege område, seier ein av deltakarane, Samuel Ociti (22) til VG.

Moland hevdar at videoen viser trening av skodespelarar som dei skulle bruke i krigs-eventa dei planla. Han skildrar videoen som «privat filming tatt ut av kontekst.»

Ingen kjennskap

Den norske forsvararen til nordmennene, advokat Morten Furuholmen, ynskjer ikkje å kommentere innhaldet i videoen. Fredag svarte den kongolesiske forsvararen André Kibambe at han ikkje hadde kjennskap til videoen.

Treninga skjedde frå 15. - 24. april i år. 27. april reiste Moland og French på turen til Kongo som enda med dødsdom for drap og spionasje.

SISTE NYTT

Siste nytt