I dag har fire statsrådar meldt seg ut frå RCD, ifølgje den statlege fjernsynskanalen i landet. Tidlegare i veka melde både statsministeren og den midlertidige presidenten seg ut av partiet for å prøve å skape ro.
Dermed er det ingen RCD-medlemmer i den nye overgangsregjeringa, melder nyheitsbyrået AFP.
RCD er partiet til den tidlegare presdienten Zine El Abdine Ben Ali, som fredag
etter store protestar mot statsleiinga.Kaos og opprør
Den siste månaden har det vore kaos i Tunisia, etter at ein mann sette fyr på seg sjølv i protest mot at han ikkje fekk lov å selje frukt og grønsaker.
Etter at han døydde, har det vore ei bølgje av demonstrasjonar og valdelege opptøyar, der misnøyen var retta mot arbeidsløyse, korrupsjon og høge matvareprisar.
Etter at Ben Ali, som har site på makta i Tunisia i 23 år, måtte flykte, tok statsminister Mohamed Gannouchi over, og presenterte måndag ei
som skulle styre landet fram mot eit nyval om seks månader.- Les også:
- Les også:
Vil kvitte seg med Ben Ali-folk
Men fire ministrar frå den gamle regjeringa fekk vere med vidare. Dei som sat på nøkkelpostane innanriks-, utanriks-, forsvars- og finansministrane fekk halde fram.
Det fekk opposisjonsleiar Moncef Marzouki til å kalle overgangsregjeringa for eit maskeradeball. Han kravde at alle tidlegare RCD-medlemmer trekte seg.
– Tunisia fortener mykje meir, sa han.
– 90 døde, fire veker med opprør, berre for dette utfallet? Dette er ei samlingsregjering berre i namnet, fordi den i sanning består av medlemmer av partiet som er for diktatur, RCD, sa han til den franske TV-kanalen iTele
.- Les også:
- Les også:
- Les også: