Hopp til innhold

Tre småborn sakna i Sverige

Svensk politi leitar etter tre born på eitt, to og fire år som søndag kveld forsvann i bydelen Högsbo i Göteborg.

Tre små barn savnet i Sverige

Tre små barn er savnet fra bydelen Högsbo i Gøteborg.

Foto: Rosvall, Björn Larsson / SCANPIX

Ifølgje mor til borna var dei tre saman med henne før dei forsvann. Ho gjekk inn i ei leilegheit, og då ho kom ut att var borna vekke. Berre vogna stod att.

Politiet blei varsla ved 19-tida søndag kveld og har leita heile natta utan hell.

– Me mistenkjer at dei har blitt førte vekk mot si vilje, seier Thomas Fuxborg, ein talsmann for politiet til Aftonbladet.

Borna er etterlyste, og politiet held fram med undersøkingar og forhøyr.

Politiet seier dei ikkje mistankjer at nokon går rundt og røvar barn i området, og at dei trur noko anna ligg bak.

– Folk i området kan kjenne seg ganske trygge, seier Fuxborg til Gøteborgs-Posten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt