Augevitne fortel at den 18 år gamle mannen vart skoten i brystet av eit grovkalibra maskingevær ved grenseovergangen
Karni mellom Gaza og Israel. Det skal ikkje ha vore kampar i området, og den israelske hæren avviser at dei har avfyrt skot i dette området.
Ein 26 år gammal palestinar vart drepen i ei skotveksling mellom israelske soldatar og væpna palestinarar i Rafah-området nær grensa mot Egypt.
Ein palestinsk mann som vart skoten av israelske soldatar i Rafah i Gaza i går, døydde i dag av skadane.
Fire palestinarar som vart drepne i ulike episodar i Gaza i går, vart gravlagde i dag. Blant dei døde var ein 10 år gammal gut som kom i krysseld mellom israelske soldatar og væpna palestinarar i Rafah.