Hopp til innhold

Tre nye polio-arbeidarar drepne i Pakistan

Tre helsearbeidarar er drepne i nye angrep i det nordvestlege Pakistan i dag. Minst ni som arbeider for eit vaksineprogram mot polio er drepne dei siste tre dagane.

Nye drap på helsearbeidarar i Pakistan.

Tre nye helsearbeidarar drepne i Pakistan. Her blir ein av dei skotne teken til sjukehus, der han seinare døydde.

Foto: A. MAJEED / Afp

Alle deltok i eit vaksinasjonsprogram mot den alvorlege og smittsame sjukdomen poliomyelitt i landet. Angrepa i dag skjedde i delstaten Peshawar nordvest i landet.

FN stansar vaksinasjonsprogram

Helsearbeidarar drepne i Pakistan.

Ein slektning sørgjer over ei av kvinnene som vart drepen av væpna menn i Karachi tysdag.

Foto: RIZWAN TABASSUM / Afp

Drapa har fått FN til å stanse vaksinasjonskampanjen i to provinsar i Pakistan, Sindh og Khyber Pakhtunkhwa. Angrepa er eit alvorleg slag mot det viktige vaksinasjonsprogrammet.

Ein kvinneleg helsearbeidar og sjåføren hennar vart skotne og drepne i Charsadda like ved Peshawar, opplyser politiet. Ein tredje helsearbeidar som tidlegare i dag vart meldt kritisk såra etter å ha blitt skoten, døydde seinare på sjukehuset.

Måndag og tysdag denne veka vart seks kvinner som deltek i det same programmet drepne av væpna menn på motorsyklar i ulike angrep i den sørlege hamnebyen Karachi og i Peshawar. Den yngste av dei var berre 17 år.

Truslar frå Taliban

Ein talsmann for den islamistiske opprørsgruppa Taliban avviser at det er dei som står bak angrepa mot helsearbeidarane.

Gruppa har likevel tidlegare kome med truslar mot helsearbeidarar som arbeider med vaksinasjonsprogrammet og bede dei avslutte samarbeidet med dei vantru.

Ei lita jente blir vaksinert mot polio i Lahore.

Ei lita jente blir vaksinert mot polio i den pakistanske storbyen Lahore tysdag.

Foto: K.M. Chaudary / Ap

Taliban har sagt at vaksinasjonsprogrammet er ein vestleg konspirasjon for sterilisere muslimar eller spionere.

Desse skuldingane fekk grobotn då det viste seg at CIA brukte eit falskt vaksinasjonsprogram som dekkoperasjon for å samle informasjonen om Osama bin Laden.

Vaksinasjonsprogram i fare

Den kritisk skadde helsearbeidaren frå eit angrep i dag var del av eit lag på fire eller fem frå vaksineprogrammet i Peshawar.

Pakistan, nabolandet Afghanistan og det afrikanske landet Nigeria er truleg dei einaste landa der poliomyelitt enno ikkje er utrydda.

Angrepa dei siste dagane har sett heile vaksinasjonsprogrammet i Pakistan i fare, sjølv om pakistanske styresmakter seier at programmet vil halde fram.

Gode resultat

Polio smittar frå person til person, og det skal lite til å overføre smitta frå eit menneske til eit anna. Vaksinasjonsprogrammet i Pakistan har gode resultat å vise til.

I 1994 var det 20.000 tilfelle av polio i Pakistan, men i år har det dukka opp berre 56 nye tilfelle i landet.

Familiemedlemer sørgjer over drepen polioarbeidar i Karachi.

Familiemedlemer i sorg etter at ein kvinneleg deltakar i politiprogrammet vart drepen på eit sjukehus i Karachi tysdag.

Foto: ATHAR HUSSAIN / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt