Kriminalpolitisentralen (Kripos) sende ut lista over dei sakna i går kveld. Kripos vil ikkje stadfeste at dei tre er omkomne før dei eventuelt blir identifiserte.
SAS vil minnast offera etter flykatastrofen i Milano i dag med eit minutts stille klokka 13. Markeringa vil bli gjenomført hos alle SAS-tilsette, også i lufta.
- Vi ynskjer å markere vår djupe sorg og vise respekt for dei pårørande, skriv selskapet i ei pressemelding.
Dei tre som er sakna er:
Sambuarparet Espen Heggelund (29) og Heidi Falck (20, begge busette i Oslo. Den tredje er Jan Marc Strømme (21), også han busett i Oslo. I tillegg er ein svensk statsborgar som er busett i Noreg sakna.
Eitt døgn etter ulukka i Milano funne 106 av dei 118 som omkom. Linate-flyplassen er framleis stengt. 33 av dei omkomne er identifiserte.