Hopp til innhold

Tre kvite menn tiltalte for drap på svart joggar

Tre kvite menn er tiltalte for drapet på den svarte 25-åringen Ahmaud Arbery, som vart skoten under ein joggetur i februar. Drapet vekte sterke reaksjonar i USA.

Veggmaleri av Ahmaud Arbery i Brunswick i Goergia

Veggmåleriet av Ahmaud Arbery kom opp på ein vegg i heimbyen hans, Brunswick i Georgia i mai. Det er laga av kunstnaren Marvin Weeks frå Florida.

Foto: Sarah Blake / AP / NTB Scanpix

Ein domstol i Georgia reiste onsdag formelt drapstiltale mot dei tre, fire månarder etter drapet, skriv New York Times. Avisa skriv at ein storjury har tatt ut ein tiltale i ni punkt mot dei.

Ahmud Arbery ble drept på joggetur.

25 ÅR: Ahmaud Arbery vart drepen på joggetur 23. februar i år.

Foto: HANDOUT / Reuters

Arbery vart drepen på ein runde han hadde jogga fast i fleire år, i kystbyen Brunswick i delstaten Georgia, 23. februar i år.

Drapet, som vart filma med mobiltelefon av ein av dei tre tiltalte , vekte sterke reaksjonar, mellom anna fordi det tok over to månader før dei som no er tiltalte, vart arresterte.

Video som viser drapet på Ahmaud Arbery i Brunswick i Goergia.

VIDEO: Bileta som vart publisert på Twitter 5. mai viser korleis Ahmaud Arbery fell saman etter å ha vorte skoten i brystet.

Foto: AP / NTB Scanpix

Video vakte storm

Då videoen som viste drapet, begynte å sirkulere på sosiale medium i mai, vakte det storm.

Drapet på Arbery har, saman med politidrapet på Breonna Taylor i Kentucky i mars, vore ein del av grunnlaget for raseriet og demonstrasjonane som braut ut i kjølvatnet av politidrapet på George Floyd.

Demonstranter med bilder av Ahmaud Arbery, George Floyd og Breonna Taylor

Demonstrantar held opp bilde av Ahmaud Arbery, George Floyd og Breonna Taylor.

Foto: Damian Dovarganes / AP / NTB Scanpix

Blant dei tre tiltalte er ein tidlegare politimann. To av mennene er far og son, høvesvis i 60- og 30-åra.

Hatkrim

FBI etterforskar saka som hatkriminalitet.

Arbery-saka har ført til at den lovgjevande forsamlinga i Georgia med stort fleirtal denne veka vedtok ein ny lov mot hatkriminalitet.

LES OGSÅ: Skrøyt på sosiale medium om å skyte på demonstrantar – no er politikvinna mistenkt for drap på svart mann

SISTE NYTT

Siste nytt