Hopp til innhold

Tre månadar med krig: Difor feila Putins plan

Slik har Ukraina stått imot Russland, og slik kan det gå framover.

Palle Ydstebø.

Oberstløytnant Palle Ydstebø er sjef for seksjon for landmakt ved Krigsskolen. I denne saka forklarar han deg korleis Ukraina har klart å stå imot Russland ved hjelp av kart.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Ukraina, 24. februar i år.

Dei hadde vakna av lyden av eksplosjonar, midt på natta. Folka på metrostasjonen i Kyiv må ta sine livs viktigaste val.

AOJuUen5GWk

Tidleg om morgonen 24. februar såg det slik ut på ein t-banestasjon i Kyiv.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

Russiske soldatar, helikopter og stridsvogner er på veg mot dei.

Valet står mellom å forlate alt og prøve å flykte, eller å bli, og vente på russiske rakettar og soldatar som var på veg imot dei.

I dag er det tre månadar sidan dei tok dette valet.

Her er ein gjennomgang av viktige ting som har skjedd på bakken i Ukraina sidan krigen starta, og kva som kan skje vidare i krigen.

I denne artikkelen skal du få lese om dette:

Det torsdag formiddag kaos på flere av hovedveiene ut av Ukrainas hovedstad Kyiv.

Kaos på fleire av hovudvegane ut av Ukrainas hovudstad Kyiv.

Slik invaderte Russland

I dei grå morgontimane den 24. februar skvisar ukrainarar seg inn i fullstappa bilar, bussar og tog som tar dei vestover.

I løpet av ti dagar skal 1,5 millionar flyktningar krysse grensene nabolanda, ifølgje FN

Samtidig prøver ukrainske styrkar å stoppe russarane som strøymer inn frå aust, nord og sør.

– At Russland angrip heile vegen rundt, tvingar Ukraina å spreie styrkane sine, fortel Ydstebø.

Hovudmålet er å ta Kyiv så raskt som mogleg.

– Det var eit kuppforsøk, dei satsa på å sjokkere det ukrainske forsvaret og staten, seier Ydstebø.

Her treffer eit missil eit høghus i Kyiv ein av dei første dagane av krigen.

Den ukrainske motstanden vart større enn mange hadde venta.

På Slangeøya, sør i Ukraina, vert ei gruppe soldatar symbol for motstanden når eit russisk krigsskip angrip dei om kvelden den 24. februar.

«Dra til helvete», svarar dei krigsskipet.

Militærbasen på Slangeøya i Ukraina.

Militærbasen på Slangeøya i Ukraina.

Foto: Den ukrainske marinen

Slik stoppa dei lynangrepet

Over heile Ukraina set folk handling bak svaret frå Slangeøya i møtet med russarane.

Fleire førebur seg på å gje dei ein «varm velkomst».

Folk lagar «Molotov-cocktails» på dugnad, og får trening i korleis dei skal bruke dei heimelaga brannbombene.

Ute på vegane sprenger hæren russiske køyretøy i lufta med dronar, og angrip dei med panservern i sidene, slik som i videoen nedanfor.

Bakhaldsangrep utanfor Kniv.

Artilleri spelte og ei viktig rolle i å stoppe den russiske framrykkinga, skriv Forbes.

Sivile ukrainere kaster hjemmelagde bensinbomber.

Sivile ukrainarar kastar heimelaga bensinbomber.

Foto: VIACHESLAV RATYNSKYI / Reuters

Forsyningsproblem

I starten av mars vert verda merksam på at ei russisk militærkolonne, som strekte seg 65 kilometer bakover, var på veg med forsyningar til dei russiske soldatane utanfor Kyiv.

Så stoppar den opp. Og der vert den ståande 25 kilometer nord for hovudstaden i fleire dagar.

– Når framgangen ikkje kom framme ved fronten, vart dei ståande og vente, passive og utsette for ukrainske motangrep, fortel Palle Ydstebø.

Bak barrikadar og brennande bildekk ligg 38 år gamle Valentin Ilchuk og kameratane hans klare inne i Kyiv, skriv NRK den 12. mars.

Men større russiske styrkar kjem seg aldri hit.

DETTE BILDE MÅ BESKRIVES

 – Det var aldri aktuelt for meg å ikkje stille opp for mitt land. Det er den eg er, seier Valentin når han forsøker å forklare kvifor han frivillig melde seg i kampen mot Russland.

Tsjernihivs forsvarar

Mekaniserte brigadar med stridsvogner, og andre militære kampkøyretøy som Ukraina hadde tilgjengeleg i starten av krigen, gjorde ein viktig innsats, fortel Ydstebø.

Ein av dei beste av desse brigadane finn vi i og rundt byen Tsjernihiv.

Ukrainske soldater på et pansret kampkjøretøy kjører forbi ødelagt russisk militærkjøretøy i Tsjernihiv-regionen 2. april.

Ukrainske soldatar på eit pansra kampkøyretøy køyrer forbi øydelagt russisk militærkøyretøy i Tsjernihiv-regionen 2. april.

Foto: SERHII NUZHNENKO / Reuters

I fem veker skal Ukrainas 1. stridsvognbrigade beskytte byen.

Det gjer dei med sine rundt 120 stridsvogner (i tillegg til artilleri, luftvern, ingeniørar) og over 4000 soldatar, skriv Forbes.

Med det batt dei opp betydeleg større russiske styrkar som elles kunne ha bidratt i kampane utanfor Kyiv.

Det same skjer fleire stadar langs fronten dei første vekene.

– Brigadane møter rett og slett russarane i front, stansar dei og påfører dei store tap, seier Ydstebø.

– Dei raske og lette russiske avdelingane har ikkje kampkraft nok til å bryte gjennom forsvaret ukrainarane klarer å stable på beina, samanfattar oberstløytnanten.

Vert russarane overraska?

– Det er tydeleg.

Tilflukt i teater og t-banestasjonar

Medan kampane herjar, søker mange rundt om kring i landet tilflukt i T-banestasjonar.

I Mariupol, søraust i landet, søker fleire sivile tilflukt i teateret i byen.

På morgonen, onsdag 16. mars slepper eit russisk fly ei bombe på teateret i Mariupol.

Når røyken har lagt seg i ruinane, finn ein mange døde. Nyare undersøkingar tyder på at nærmare 600 menneske døydde i angrepet.

Putin skiftar plan

Rundt 24. mars er dei russiske styrkane i nord nesten heilt utmatta.

– Heile premissen var å få Ukraina til å falle som eit korthus, seier Palle Ydstebø.

Putin må endre plan. Ein kortvarig krig for å kuppe makta, hadde blitt ein utmattingskrig.

– Og det er ikkje soldatane hans førebudd på, seier Ydstebø.

Palle Ydstebø
Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Tilbaketrekking

I slutten av mars trekker Russland ut styrkane sine nordvest for Kharkiv.

No vil dei fokusere på å «frigjere» dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk, som har vore delvis opprørskontrollerte sidan 2014.

Soldatane i nord vert frakta med jernbane på russisk side av grensa fram til fronten i søraust.

I staden for å få nødvendig kvile, blir mange av dei sende til skyttargravssystema i Donbas.

Her har ukrainar og russarar kjempa sidan 2014.

Skyttergrav i Øst-Ukraina

Skyttargrav i Aust-Ukraina. Bildet er tatt før krigen starta.

Foto: Lokhman Ghorbani / NRK

– Det er krevjande å slå seg gjennom. Derfor russarane mest framgang nord for desse systema.

Sjå kor raskt den russiske hæren trekker seg tilbake frå nord på kartet under.

Avsløringar etter tilbaketrekninga

I starten av april kjem overgrepa mot dei ukrainske sivile i Butsja fram i lyset. Fleire andre stadar vart det og avdekka drap, valdtekt og andre krigslovbrot.

Gatene i Butsja er heilt sønderknuste. Utbrente stridsvogner står i gatene, og aska ligg tjukk. Det har vore fleire dagar med harde kampar i den vesle byen utanfor Kiyv.

Gatene i Butsja er heilt knuste. Utbrente stridsvogner står i gatene, og oska ligg tjukk etter fleire dagar med harde kampar i den vesle byen utanfor Kyiv.

Foto: ZOHRA BENSEMRA / Reuters

Samstundes som dei ukrainske styrkane gjenerobrar områda i nord, intensiverer russarane angrepa sine i søraustlege delar av landet.

Eit av dei kjente slaga er i Mariupol.

21. april erklærer Putin at dei har vunne slaget om byen, trass i at fleire ukrainske soldatar framleis held ut i stålverket i byen.

– Ekstremt vanskeleg i Donbas

I starten av mai vart mange russiske kampkøyretøy øydelagde medan dei prøvde å krysse elva Donets.

The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River
The remains of what appears to be a makeshift bridge across the Siverskyi Donets River

Dei siste vekene har Russland, i tråd med sin nye taktikk, auka presset i Donbas-regionen.

– Situasjonen er heilt ekstremt vanskeleg der, seier Ukrainas president laurdag.

Under ser du korleis det spelar seg ut på kartet.

– Du ser og at fronten har endra seg minimalt den siste månaden, fortel Palle Ydstebø.

Kva vil skje dei neste månadane?

I videoen under forklarar oberstløytnanten deg kva han trur vil skje.

Palle Ytstebø forklarar deg kva som har skjedd dei tre første månadane, og kva han trur kan skje i Ukraina i tida framover.

Palle Ydstebø forklarar deg kva som har skjedd dei tre første månadane av krigen, og kva han trur kan skje i tida framover.

Kjelder:

SISTE NYTT

Siste nytt