Angrepet skal ha skjedd like utanfor busetjinga Beit Hagai, rundt fem kilometer sør for sentrum av Hebron. Det er uklart om dei drepne er sivile eller soldatar.
Det er heller ikkje klart kor mange angriparar det var snakk om. Dei første meldingane gjekk ut på at det var tre soldatar som vart skotne, men dette er ikkje stadfesta.
Israelske soldatar jaktar no på gjerningsmennene, blir det meldt. Det vart blant anna innført portforbod i området rundt der drapa skjedde
Den ytterleggåande organisasjonen Hamas si væpna fløy har teke på seg skulda for angrepet.