Hopp til innhold

Tre hjelpearbeidarar kidnappa

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tre europeiske bistandsarbeidarar vart søndag bortførde medan dei var på jobb i ein flyktningleir vest i Algerie.

To spanjolar og ein italienar vart kidnappa frå Rabuni flyktningleir vest i Algerie tidleg søndag morgon, opplyser det spanske utanriksdepartementet.

Den Nord-Afrikanske fløyen av terrorgruppa al Qaida står bak bortføringa, seier ei tryggingskjelde til nyheitsbyrået AFP.

Tek i bruk alle kanalar

– Dei blei tekne som gislar av AQMI (al Qaida i Islamsk Maghreb; journ.anm.) etter ordre frå Moktar Belewar, seier den anonyme kjelda.

Belewar er den algeriske leiaren for AQMI-greina.

Den italienske kidnappingsofferet er identifisert som kvinna Rossella Urru av det italienske utanriksdepartementet. Urru jobbar for Den italienske komiteen for Folkeutvikling (CISP).

«Utanriksdepartementet i Italia har, i samband med den italienske ambassaden i Algerie, umiddelbart teke i bruk alle kanalar for å få ei positiv ending og er i kontakt med slektningane til den bortførde og med CISP», heiter det i kunngjeringa frå italiensk UD.

Konfliktområde

Leiren som dei tre hjelpearbeidarane jobba i ligg i nærleiken av oasen Tindouf i Sahara-ørkenen. Den er i hovudsak befolka av Sahrawi-flyktningar frå det omstridde Vest-Sahara, eit landområde kontrollert av Marokko som kjempar for sjølvstende.

Den tidlegare spanske kolonien Vest-Sahara vart annektert av Marokko i 1975. Ei frigjeringsrørsle støtta av Algerie ønskjer ei folkerøysting i regi av FN på om Vest-Sahara skal bli verande under Marokko, lausriva seg eller få sjølvbestemmingsrett.

Marokko hevdar at Vest-Sahara er ein historisk del av landet, og står steilt mot å gje territoriet fullstendig sjølvråderett.

Bortføringa av hjelpearbeidarane i ALgerie skjer berre ti dagar etter at to spanske hjelpearbeidarar blei kidnappa frå ein flykntingleir i Kenya.

SISTE NYTT

Siste nytt