Hopp til innhold

Tre fengsla etter antiterror-aksjon i Brussel

Tre av dei 12 som vart arresterte i fleire antiterroraksjonar i Belgia i natt, er fengsla. Dei er sikta for forsøk på terrordrap.

 Antiterroraksjon i Belgia.

Politi og soldatar deltok i antiterroraksjonen i Brussel. Her utanfor ein regjeringsbygning i byen.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Dei tre er også sikt for å ha delteke i aktivitetane til ei terrorgruppe. Dei ni andre er sette fri etter avhøyr, melder AFP.

Det var i natt at politi og spesialstyrkar i Brussel og fleire andre belgiske byar sette i verk ein større antiterroraksjon. Den direkte årsaka var frykt for eit terrorangrep mot menneske som såg fotball-EM på storskjerm i sentrum av byen.

Stor politiaksjon

Politiaksjon i Antwerpen.

Politiet aksjonerte også mot sentralbanestasjonen i hamnebyen Antwerpen.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Den flamske fjernsynsstasjonen VTM melde at politiaksjonen vart sett i verk i frykt for eit angrep under kampen mellom Belgia og Irland i ettermiddag. Kampen enda med 3–0 siger til Belgia, og det er ikkje meldt om noko for form for uro i byen i samband med dette.

Politiaksjonen i Brussel starta seint i går kveld. I alt vart 40 menneske tekne inn, og 152 garasjar og bilverkstadar vart grundig undersøkte. Det vart ikkje gjort beslag av våpen eller sprengstoff.

Det var aksjonar i bydelane Molenbeek, Scharbeek og Forest, som også vart sterkt i fokus etter terrorangrepa både i Paris og Brussel.

Salah Abdeslam, den einaste overlevande av dei ti jihadistane som gjennomførte terrorangrepet mot Paris, der 130 menneske vart drepne, gøymde seg i fleire månader i Molenbeek før han vart arrestert.

– Hatkriminalitet med IS-merkelapp

Høg beredskap

Antiterroraksjon i Brussel.

Ein væpna politisoldat utanfor statsministerbygningen i Brussel i dag.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Belgisk politi er i høg beredskap etter at 32 personar vart drepne og over 300 såra då tre sjølvmordsbombarar angreip den internasjonale flyplassen og ein metrostasjon i Brussel 22. mars i år.

Også Frankrike er i alarmberedskap i frykt for terrorangrep mot landet i samband med EM i fotball.

Det var ein avlytta telefonsamtale som gjorde at politiet i Brussel gjekk til aksjon i natt. Her kom det fram opplysningar om eit nært framtidig angrep.

Mann tatt med eksplosiver: Skal ha planlagt terrorangrep i Frankrike

SISTE NYTT

Siste nytt