Hopp til innhold

Tre drepne på kafé i Tyskland

Minst tre menneske er drepne etter at ein mann byrja å skyte rundt seg i ein kafé i det sørlege Tyskland i kveld, opplyser det lokale politiet.

Skyting i Dossenheim i Tyskland.

Tre menneske vart drepne då ein mann opna eld inne i lokalet i bakgrunnen.

Foto: Uwe Anspach / Ap

Fem andre skal vere såra i angrepet, som skjedde i den vesle landsbyen Dossenheim i Baden-Württemberg. Gjerningsmannen tok så sitt eige liv, opplyser politiet i Heidelberg.

Skytedrama i Dossenheim i Tyskland.

Ein ambulanse på veg bort frå åstaden for skytedramaet i Dossenheim i Tyskland.

Foto: Uwe Anspach / Ap

Minst ein av dei fem såra skal ha fått alvorlege skadar, og vedkomande vart teken til sjukehus med helikopter.

Skytinga skjedde i kafeen i klubbhuset til den lokale tennisklubben, der det var samla opp mot 20 personar. Gjerningsmannen var med på møtet, men ifølgje politiet var det sterk usemje på møtet, og at han vart beden om å forlate lokalet.

Han kom tilbake kort tid etterpå med eit våpen og opna eld mot dei andre møtedeltakarane, før han retta våpenet mot seg sjølv.

Det var ei gruppe huseigarar som hadde møte i lokalet då skytinga skjedde, men politiet kan førebels ikkje seie noko om motivet.

Fleire av dei som ikkje vart fysisk såra i skytinga, var så prega av det som hadde skjedd at dei ikkje kunne avhøyrast av politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt