NRK Meny
Normal

Tre drepne i skotveksling i Karachi

Tre omkom då pakistansk politi og militante islamistar styrkar barka saman i Karachi tysdag.

Paramilitære styrkar på jobb i Karachi

Paramilitære styrkar på jobb i Karachi. Illustrasjonsfoto.

Foto: Shakil Adil / AP

- Pakistanske tryggingsstyrkar og militante islamistar i byrja tysdag å skyta på kvarandre. Minst to politimenn og ein av dei militante skal ha vera drepne, seier politiet.

Offisielle kjelder ville ikkje kommentera fjernsynsrapportane om at dei har fengsla ein person for ei opprørsgruppe knytt til Al-Quida. Denne gruppa vart etterlyste alt i 2004 etter eit åtak på ein general i Karachi, eit åtak som tok livet av 11 personar.

Fekk tips om ekstremistar

Paramilitære troppar og politiet omringa eit tre høgders høgt hus i eit bustadområde i hamnebyen etter at dei fekk eit tips om at «heilag krig»- islamistar held til der, fortel talsmann i politiet Akram Mughal.

-Det er rundt åtte av dei inne i bygningen, dei byrja å skyta mot oss og me svara. To polititenestemenn er drepne og ein av dei militante vart òg drepen, sa Mughal til AFP. Han sa òg at dei skal ha arrestert to mistenkjelege militante.

Ein talsperson for dei paramilitære «Rangers force», kaptien Mohammad Fazal, sa at dei mistenkte inne i huset er herda militante som høyrer til ekstremistgrupper, og at dei ynskjer kamp.

Har arrestert fleire

Talspersonane ville ikkje stadfesta raportane frå private nyheitskanalar om at den eine av dei arresterte er Qasim Toori. Toori skal vera medlem av Jundullah-gruppa, eller «Guds hær», ei gruppe som skal vera knytt til Al-Quida.

General Ahsan Saleem Hyat

General Ahsan Saleem Hyat overlevde eit drapsforsøk for fire år sidan.

Foto: INTER SERVICES PUBLIC RELATIONS / AFP

Statlege etterforskarar i pakistan seier at Toori er ettersøkt for å ha stått bak eit åtak mot bilkortesjen til General Ahsan Saleem Hyat for fire år sidan. Saleem Haya var då sjef for hæren i Karachi.

Generalen overlevde åtaket, men minst sju soldatar og tre politimenn og folk som gjekk forbivart drepne i kuleregnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt