Hopp til innhold

Tre drepne i Burundi

Tre kvinnelege fruktseljarar vart drepne av granatar i hovudstaden i kveld, i det som så langt er den største demonstrasjonen sidan opptøyane byrja for snart ein månad sidan.

Ei av kvinnene som vart treft av ein granat i Bujumbura fredag

GRANATANGREP: Eit tilsynelatande utilsikta angrep på kvinner som selde frukt på marknaden i Bujumbura.

Foto: KENNY KATOMBE / Reuters

– Dei som gjorde dette hadde ein intensjon om å drepe, for granatane vart kasta midt imellom kvinner som selde frukt på marknaden, i ei stor folkemengds, fortel visepolitisjef Godefroid Bizimana til nyhendebyrået AFP.

Le Monde rapporterer om enorme opptøyar i byen og sjokkerte vitne til det som såg ut som eit ugrunna granatangrep mot fruktseljarar midt i Bujumbura, landets hovudstad. Dei som står bak angrepet er ukjende. Granatar vart også kasta mot politimenn i eit anna område i byen.

– I tillegg til dei tre som vart drepne skal det vere eit titals skadde, seier Bizimana.

Protestar i Burundi

OPPTØYENE HELD FRAM: Protestar i Musaga-nabolaget i Bujumbura, Burundi.

Foto: Jerome Delay / Ap

Siste i ei rekke av valdsepisodar

To personar vart drepne av granatar også dagen før, men dette er første angrepet mot nokon som ikkje er med i demonstrasjonane.

Angrepet er det siste i ei rekke valdsepisodar som har herja landet den siste månaden. Frustrerte innbyggarar protesterer mot at president Pierre Nkurunziza skal stille til val for ein tredje periode 26. juni. Valet er no utsett ei veke, og Nkurunziza er oppteken av å vise at han har kontroll i landet etter eit mislukka militærkupp førre veke.

– Det er fred og tryggleik i 99,9 prosent av Burundi, sa presidenten onsdag i eit forsøk på å roe stemninga i landet.

Trass i at opptøyane held fram, er generalsekretær i FN, Ban Ki-Moon, positiv til det han ser som ein pågåande dialog mellom partane i konflikten, ifølge ein offisiell utsegn i dag.

Frykta har vore stor for at konflikten skal føre til at dei etniske skiljelinjene vert drege inn. 300.000 menneske vart drepne i borgarkrigen mellom hutuar og tutsiar som vart avslutta i 2005.

Utbrot av kolera blant burundesiske flyktningar

Men det er ikkje berre i Burundi ein no er uroa over situasjonen. Over 110.000 menneske har flykta frå landet sidan opptøyane starta, mange til nabolanda Rwanda og Tanzania. I Kigoma der flyktningane oppheld seg i Tanzania er det no brote ut kolera blant flyktningane.

Burundiske flyktningar i Tanzania

KOLERAUTBROT: 30 døde og 3000 smitta så langt, etter at tusenvis av flyktningar frå Burundi har kome til Tanzania dei siste vekene.

Foto: Daniel Hayduk / Afp

Så mange som 3000 skal vere smitta og 31 døde, ifølge FNs høgkommissær for flyktningar, som fryktar ei veksande humanitær krise i Great Lakes-området i Afrika. 3–400 nye personar vert smitta kvar dag.

SISTE NYTT

Siste nytt